Nominasjon til samarbeidsforum for kollektiv kompetanseutvikling 2026–2027

Frå 2026 blir dagens ordningar for kompetanseutvikling i barnehage og skole samla i ei ny, felles ordning. No treng vi forslag til kven som skal sitje i det nye samarbeidsforumet for kollektiv kompetanseutvikling i fylket.

Publisert 17.12.2025

Frå 1. januar 2026 går Rekomp, Dekomp og Kompetanseløftet over i ei samla og meir heilskapleg ordning for kollektiv kompetanseutvikling.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har no fastsett ei ny organisering for den kollektive kompetanseutviklinga. Vi går frå fire regionale samarbeidsforum til eitt felles forum for heile fylket, i tråd med den nye forskrifta.

Rolla til samarbeidsforumet

Samarbeidsforum gir råd til Statsforvaltaren i arbeidet med kollektiv kompetanseutvikling. Forumet skal lage ein langsiktig plan for arbeidet med kollektiv kompetanseutvikling, som også blir førande for korleis Statsforvaltaren fordeler tilskot.

Det er derfor viktig at forumet består av representantar frå ulike roller som alle er ein del av den kollektive kompetanseutviklinga.  

Medlemmane i samarbeidsforum skal ikkje tale på vegne av «alle», men bidra med perspektiv som viser behova i fylket.

Nominer kandidatar til perioden 2026–2027

Vi ber dykk nominere kandidatar til samarbeidsforum for 2026–2027. Bruk lenkja til skjemaet for å sende inn forslag. De kan nominere éin eller fleire, men sørg for at personen har sagt ja til å bli nominert.

Lenke til skjema for nominering: Nominasjon av representanter til nytt samarbeidsforum i Møre og Romsdal

Frist for nominasjon: 9. januar 2026

Dersom de treng teknisk hjelp med skjemaet, ta kontakt med Kim Hugo Nyheim:

E-post: kim.hugo.nyheim@statsforvalteren.no

Telefon +47 712 58 505

Slik blir det nye forumet sett saman:

Samarbeidsforum for Møre og Romsdal, eitt forum samansett av 16 representantar frå: 

Kommunal skole- og barnehageeigar, Nordmøre 

Privat barnehageeigar 

Høgskulen i Volda (HVO) 

Utdannings-forbundet (UDF) 

Kommunal skole- og barnehageeigar, Romsdal  

Privat skoleeigar 

Høgskulen i Volda (HVO) 

Utdannings-forbundet (UDF) 

Kommunal skole- og barnehageeigar, Nordre Sunnmøre  

Kommunen som barnehagemyndigheit 

NTNU 

Fagforbundet (FF) 

Kommunal skole- og barnehageeigar,  
Søre Sunnmøre  

Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) 

Dronning Mauds Minne Høgskole (DMMH ) 

Skoleleder-forbundet (SLF) 

Bakgrunn for endringane

Overgangen til ei ny heilskapleg ordning har gått føre seg gjennom 2025. Dei fire regionale samarbeidsforuma har fått delta undervegs, motteke informasjon og kome med viktige innspel. Desse har vore avgjerande for arbeidet, som er utvikla i møtet mellom nasjonale føringar og lokale behov.

For meir informasjon om kompetanseordninga kan de lese dokumentet Justert forslag til forskrift.

De kan òg følgje oppdateringar på heimesida vår.

Møter for det nye samarbeidsforumet våren 2026 

  • 30. januar 2026 (Teams): Konstitueringsmøte for nytt samarbeidsforum
  • 13. mars (fysisk i Molde): Drøfting av Statsforvaltarens forslag til fordeling av midlar, langsiktig plan Møre og Romsdal.
  • 29. mai: Langsiktig plan, ferdigstillast