Er du skilt i utlandet og skal gifte deg i Norge?
Da er det viktig at du søker om å få skilsmissepapira dine godkjent i god tid før du skal inngå eit nytt ekteskap i Norge.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Om du er skilt i eit land utanfor Norden og ønsker å gifte deg på nytt i Norge, må skilsmissepapira dine bli godkjent av Statsforvaltaren.
I samband med nytt ekteskap må du be om prøvingsattest frå Skatteetaten. Her vil du måtte legge fram vårt godkjenningsvedtak på at skilsmissepapira dine er gyldige i Norge, altså at dei må vere legaliserte.
Informasjon om korleis dokumenta skal legaliserast, og søknadsskjema om godkjenning finn du her …
Originale og omsette papir
Du må sende Statsforvaltaren dei originale skilsmissepapira dine saman med søknaden. Desse vil du få tilbake så snart søknaden er ferdig behandla.
Skilsmissepapira må bli omsett av godkjent omsettar til norsk, engelsk, tysk eller fransk. Kostnaden med omsettinga må du betale sjølv.
Ta kontakt!
Statsforvaltaren har oversikt over kva reglar som gjeld for dei ulike landa skilsmissepapira kjem frå. Vi kan opplyse deg om kor du skal ta kontakt og kva som er krava for å få gyldige papir.
Husk å vere ute i god tid!
Kontaktpersoner
-
Tove Røberg
Tlf: 71 25 84 45 / 95 25 03 53 -
Anita Ødegård Lillås
Tlf: 71 25 85 21 -
Grete Eidsæter
Tlf: 71 25 84 98