Staten har ansvar for å sikre like rammevilkår gjennom regelverk og økonomiske rammer. Staten har også ansvar for å føre tilsyn og kontroll med helse- og sosialtjenestene. Mye av tilsyns- og kontrollarbeidet gjøres av Statsforvalteren.
Vår telefontid
Seksjon helse
Begrensa tilgjengelegheit på telefon i veke 41
Vi ønsker å jobbe raskare med saka di. For å få meir tid til saksbehandling, vil vi ikkje ta i mot telefonar i veke 41 (6.–10. oktober).
Unntak:
Du kan framleis ringe dersom førespurnaden din gjeld klage på vedtak om tvangsmedisinering innan psykisk helsevern.
Du kan nå oss på telefon 71 25 84 00. Sentralbordet er betjent alle kvardagar frå klokka 08.00-15.30.
Du kan sende melding til oss
Du kan når som helst sende ei sikker melding via skjemaet på nettsida vår.
Skjemaet er kryptert og meldinga går direkte inn i saksbehandlingssystemet vårt.
Bruk gjerne skjemaet Klage på helsehjelp – då får du spørsmål som hjelper oss å få rett informasjon med ein gong.
Ved å bruke eitt av desse skjema, gir du oss naudsynt informasjon om deg. Det gjer at vi raskare kan vurdere saka di.
Hugs å velje riktig embete i skjema.
E-post for meldingar utan sensitive opplysningar
Du kan sende e-post til postmottaket vårt sfmrpost@statsforvalteren.no dersom meldinga di ikkje inneheld sensitive opplysningar.
Eksempel på sensitive opplysningar
- Opplysningar om sjukdom eller helse, om deg sjølv eller andre
Viktig:
Ikkje send personopplysningar på e-post.