Nyheit: Oppvekstprofilar

Folkehelseinstituttet har laga noko nytt – oppvekstprofilar. Disse skal vere til hjelp for kommunane i arbeidet for at barn og unge sin oppvekst skal bli så god som mogleg.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 23.09.2020

Målet med oppvekstprofilane er å samle oppdatert oppvekst-statistikk på ein stad og samstundes publisere statistikk som er unik for kvar enkelt kommune. 

– Den samla statistikken i oppvekstprofilane viser nokon av kommunens styrker og utfordringar, og kan på den måten bli eit nyttig verktøy i planlegginga av oppvekstmiljøet i kommunen, seier Camilla Stoltenberg, direktør for Folkehelseinstituttet.

Tryggleik, tilhøyr og levekår

Fleire forhold har betydning for at barn og unge skal få en god oppvekst, blant annet at de føler tilhøyr og tryggleik i familien, blant vener og i nærmiljøet, og at dei får god tilknyting til skole og etter kvart også arbeidsliv. I tillegg har psykisk og fysisk helse, økonomi og levekår betydning. 

Dei nye oppvekstprofilane inneheld statistikk om disse forholda i kommunen og omtaler moglege verkemidlar som kommunen kan nytte seg av. 

Samarbeidsprosjekt

Fem direktorat har samarbeida med Folkehelseinstituttet om utviklinga av dei nye oppvekstprofilane: Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Helsedirektoratet, Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, Arbeids- og velferdsdirektoratet og Utdanningsdirektoratet.  

Profilane er utarbeida på oppdrag frå 0-24-samarbeidet

Målet er å støtte og styrke samordning og samarbeid i fylker og kommunar, til beste for barn og unge og deira familiar. 

Om oppvekstprofilane

  • Alle kommunar og bydelar i dei fire største byene får sin egen profil. Profilane er utarbeida etter mønster frå folkehelseprofilane for kommunane. 
  • Det blir årlege utgåver.
  • På side 4 i oppvekstprofilane presenterast ei rekke nøkkeltal der kommunen er samanlikna med fylkes- og landstall. Her tas omsyn til at kommunar og bydelar kan ha ein annan samansetning i folks alder og kjønn enn landet og fylket. Statistikken er basert på tall i Kommunehelsa statistikkbank
  • I statistikkbanken kan kommunane også finne tall som ikkje er vist i profilane. Statistikk i statistikkbanken oppdaterast fleire gongar i året.
  • All statistikk er basert på ny kommune- og fylkesinndeling frå 1. januar 2020.