Gjer me nok for å førebyggja overdosar?

Frå Stockbilder

Rutinar for å redusera risikoen for overdosar bør utarbeidast som del av det systematiske folkehelsearbeidet i kommunen, og vera basert på kunnskap om rusmiddelsituasjonen i kommunen og regionen.  

Publisert 20.08.2025

Talet på narkotikautløyste dødsfall ser ut til å gå ned på landsbasis, medan det i fylket vårt har vore ein auka dei siste åra. Så langt er det registrert 10 narkotikautløyste dødsfall i Møre og Romsdal for 2024. Det er ein trend me må ta på alvor.

I samband med verdas overdosedag 31.august passar det godt å minna kommunane om at dei må ha ei oversikt over mellom anna;

• Kva rusmiddel blir brukte, korleis og kvar?

• Har me oppdatert kunnskap om variasjonar i rusmiddelkvaliteten og nye rusmiddel i omløp?

• Har me statistikk over utdeling av brukarutstyr og dessutan overdoseutrykkingar der det er mogleg?

For å hjelpa kommunane med dette arbeidet vil KORUS Midt og Statsforvaltaren Møre i samarbeid med brukarorganisasjonen RIO invitera til "Overdosekonferanse i Møre og Romsdal" som tek utgangspunkt i dei nye nasjonale råda for kommunalt overdoseførebyggjande arbeid . Råda er laga på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet, og erstattar dei nasjonale råda i Nasjonal overdosestrategi 2019–2022. Råda er utarbeidde for å bidra til å gjera det lettare for alle kommunar å utvikla overdoseførebyggjande arbeid, slik at talet på overdosar av illegale rusmiddel i Noreg blir reduserte.

Dagen tek utgangspunkt i dei nye råda med innlegg frå lokale aktørar som driv overdoseførebyggjande arbeid. I framhaldet av denne dagen ønskjer me å invitera inn kommunane til nettverk der me har søkjelys på implementering av råda.

Målgruppe: Avgjerdstakarar, fagleiar og anna nøkkelpersonell som i verksemda si kan bidra til kompetanseheving og auka samarbeid innan overdoseførebyggjande arbeid

Programmet for dagen vil veksle mellom gruppearbeid og innlegg

• Nasjonale satsingsområder v/Espen Freng fra Helsedirektoratet

• Alkoholoverdoser - Tommy Sjåfjell, KORUS sør- digitalt innlegg

• Overdosearbeid i prehospitale tjenester v/Håvard Bolme –

Ambulansetjenesten, Helse Møre og Romsdal.

• Når rus møter akuttmedisin – status, utfordringer og samhandling

v/Andrea Unhjem Wiik, LIS lege ved medisinsk

avdeling/Klinikk Ålesund Helse Møre og Romsdal HF

• Nye og farlige stoffer i omløp - status fra operativ tjeneste Møre og

Romsdal v/ Politiet Ålesund

• Bruker- og pårørendeerfaring v/Kai K.Sivertsen og Line Bruvoll

• Brukermedvirkning i systemarbeid “suppemøter”- Ålesund

kommune v/Espen Myrvåg

Forebygging av overdoser

• Samarbeid ved sårbare overganger v/ Mia Urke og Oddbjørg Bjørge

TSB Ålesund

• Overdoseforebyggende arbeid under/etter soning

v/Kriminalomsorgen

• Nalokson: v/ Morten Sivertsen - Averøy kommune

• Skadereduksjon; brukerutstyr og smittevern

v/Molde kommune

• Fastlegens rolle i overdoseforebyggende arbeid

v/ Karin Müller Mikaelsen – fylkeslege

Dato for konferansen er 23. september og deltaking på konferansen er gratis og inkludert lunsj.

Påmelding: Overdosekonferanse Møre og Romsdal 2025

 

Vi oppmodar alle kommunar til å vera med på denne dagen.