Økende interesse for recovery-baserte tjenester i fylket vårt
Dårleg vêr førte til noko fråvær, men fem kommunar møttest torsdag 31.10 i Ålesund for å lære om korleis arbeide meir recoverybasert i sine tenester innan psykisk helse og rus
Recovery er ein unik prosess som er personleg, sosial og relasjonell. Helse og velvære, personleg og sosial identitet, tilhøyrsle og deltaking på ulike samfunnsarenaer, samt støtte frå omgjevnader og gode materielle forhold er viktige element i denne tenkinga. Statsforvaltaren har saman med Ålesund kommune, Napha (nasjonalt senter for psykisk helsearbeid) og KBT (Kompetansesenter for brukarerfaring og tenesteutvikling) samla kommunar som ønskjer å arbeide recoverybasert i sine tenester til ein fagdag der fokuset var leiing og korleis leggje til rette for å utvikle recoverybaserte tenester.
Tom Erik Kleven frå Rauma, Edel Alise Vestre frå Vestnes og Maciej Klys frå Sykkylven representerer tre av kommunane på fagdagen (bilde1). Det er mange årsaker til at dei vel å delta. Det å lære om nye måtar å rigge tenestene på, få erfaringsutveksling, samt samarbeid og samhandling som kan føre til betre tenester er noko som blir trekt fram.
«Vi må slutte å gjere meir av det som ikkje verkar, og eit verkemiddel her er å få til ein god tilbakemeldingskultur» seier Edel Vestre.
I tillegg deltok Ulstein og Ålesund kommune.
Astri-Louise Nevstad, Solgunn Høyvik Moltubakk, Silje Kleven Eriksen, Gina Mari Nesset Håvik, Monika Garnes frå Ulsteinvik (bilde 2) ønskjer å lære meir om korleis jobbe recovery-orientert på system- og tenestenivå.
Har du lyst til å lære meir om recovery etter å ha lese dette, gå inn og les på NAPHA sine sider. Ønskjer du då å bli endå betre til å jobbe recoveryorientert, oppfordrar vi deg til å ta nettkurset som er utvikla for dette av NAPHA.
Kontaktpersoner
-
Ragnhild Naas
Tlf: 71 25 85 07