Korleis står det til med helse- og omsorgstenestene til eldre i din kommune?

Helsedirektoratet har utarbeidd ein ny statistikkvisning, Eldrebarometeret, som viser korleis det står til med helse- og omsorgstenestene til eldre i kommunane.  

Publisert 14.08.2025

Målet er å gje ei oversikt over kvaliteten i helsetenestene til eldre i kommunane, basert på eit utval nøkkeltal. Dette skal gje eit felles kunnskapsgrunnlag, og som kan nyttast til kvalitetsforbetring og utvikling av tenestene i kommunane. 

Nøkkeltala er henta frå ulike datakjelder som helseregistre, KOSTRA, bedrekommune.no og Folkehelseinstituttet.

Nøkkeltala viser mellom anna: 

  • årlege utgifter til helse og omsorgstenester totalt og per innbyggar 
  • ernæring 
  • tannhelsetenester 
  • tal på innbyggarar over 67 år og over 80 år 
  • tal på årsverk med helsefagleg utdanning 
  • tal på innbyggarar som mottar heimetenester og institusjonstenester (67 år og eldre) 
  • bruk av velferdsteknologi

Kommunane kan samanlikne seg med andre kommunar, samt sjå korleis dei ligg i forhald til eige fylke og landet.

Meir informasjon om Eldrebarometeret finn du på heimesida til Helsedirektoratet: Eldrebarometeret - Helsedirektoratet

Les og Helsedirektoratet si nyheitsak om Hvordan står det til med helse- og omsorgstjenestene til eldre i din kommune?