Søknad om endring av løyve for Vartdal Gjenvinning AS avd Ålesund
- Høringsfrist:
- 18. mars 2024 23:59
Vartdal Gjenvinning AS søker om endringar i løyve som gjeld kasserte kjøretøy og ordinært avfall for avdelinga som ligg i Bingsa industriområde i Ålesund.
Publisert 19.02.2024
Søknaden gjeld auke i mengde årleg mottak av jern. Dette vil føre til auke i mengde jern som blir klippa og auka trafikk til og frå anlegget. Det er også søkt om utvida driftstid i anlegget.
Søknaden finn du i lenka til høgre.
Vi ber om at eventuelle merknadar blir sendt til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde eller sfmrpost@statsforvalteren.no før 18. mars 2024.
Kontaktperson: Guro Gjenstad, 71 25 84 29, guro.gjenstad@statsforvalteren.no.
- Høringsfrist:
- 18. mars 2024 23:59