Forslag om vern av Giske marine verneområde

Høringsfrist:
31. oktober 2024 23:59
Giske (foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal/Øivind Leren)

Statsforvaltaren høyrer forslag til vern av Giske marine verneområde i samsvar med naturmangfaldlova § 43.

Publisert 21.08.2024

Formålet med vernet er å ta vare på eitt av dei få områda i Sør-Noreg med store grunne areal med stein-, sand- og mudderbotn, og plante- og dyrelivet som lever på og i botnen.

Vernet vil gi forbod mot større tiltak, og avhengig av alternativ vil rundt halve området få forbod mot taretråling. Fiske vil ikkje få endringar. Vernet omfattar ikkje privat grunn innanfor marbakken/to meters djup, med unntak ved eksisterande verneområde.

Vi inviterer til eit ope informasjonsmøte på Giske rådhus 17. september kl. 1800. På møtet vil Statsforvaltaren orientere om verneforslaget og kva verknader det vil ha, og svare på spørsmål frå alle som er interessert.

Høyringsdokumenta består i tillegg til dette høyringsbrevet av ei verneplanomtale, forslag til verneforskrift, vernekart (to alternativ) og merknadshefte med innkomne innspel ved oppstart.

Etter høyring vil Statsforvaltaren summere opp innkomne merknader og gjere eventuelle endringar i verneforslaget før vi sender vår tilråding til Miljødirektoratet. Saksgangen for vern etter naturmangfaldlova er gjort nærare greie for i verneplanomtalen.

Meir informasjon om arbeidet med Giske marine verneområde finn de på vår temaside: Marint vern - Giske | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (statsforvalteren.no)

Send merknader til forslaget til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Postboks 2520, 6404 Molde, eller sfmrpost@statsforvalteren.no innan 31.10.2024.