Todalsdalen naturreservat kan bli utvida

Høyringsfrist:
6. mars 2026
Todalselva.
Todalselva. Foto: Øivind Leren.

Statsforvaltaren melder oppstart av plan for utvida vern av Todalsdalen. Grunneigarane har sjølve tilbydd områda gjennom ordninga for frivillig vern. Du kan kome med innspel til planen innan 6. mars 2026.

Publisert 03.02.2026

Det er skogeigarforeininga Allskog som har formidla tilbodet. Dersom vernet blir utvida, vil naturreservatet i dalen auke med om lag 20 prosent.

Utvidinga vil kunne tilføre meir av dei edellauvskogtypane som er verna frå før. I tillegg er det foreslått å verne flomskogsmark i dalbotnen, noko som kan bli eit nytt og viktig element i naturreservatet.

Innspel til verneplanarbeidet kan sendast Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eventuelt på e-post til sfmrpost@statsforvalteren.no innan 06.03.2026. Etter dette vil eit verneforslag med utgreiingar og verneforskrift komme på høyring i to månadar.

Lia oppom Aursundvegen.
Lia oppom Aursundvegen. Foto: Øivind Leren.