Prosjektskjønn 2012 - Rapportering og tilbakemelding

Vi ber om rapportering og tilbakemelding frå prosjekt som fikk støtte av oss i 2012.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 07.03.2013

Somme prosjekt som fikk støtte av fylkesmannen i 2012 er no i sluttfasen eller er allereie avslutta, medan andre prosjekt går over enno fleire år. Vi ønskjer tilbakemelding frå prosjekta.

Tilbakemelding frå prosjekt som skal søkje støtte i 2013

For prosjekt som enno ikkje er avslutta, og som vil søkje støtte også i år, ønskjer vi ei mellombels rapportering frå prosjektet. Vi vil bruke rapporteringa som ein del av grunnlaget for tildelinga i år. For slike fleirårige prosjekt vil det vere ekstra viktig med god rapportering på økonomien i prosjektet, slik at vi kan avpasse tildelinga i år. I tillegg ønskjer vi at tilbakemelding på korleis det har gått med prosjektet det siste året. I tilbakemeldinga ønskjer vi at det også vert omtala kva gode erfaringar og kunnskap prosjektet har hatt og/eller kva som har vert utfordrande å få løyst. Sidan dette er ei mellombels rapportering, er det tilstrekkeleg at dette vert kort omtala.

For at vi skal få brukt tilbakemeldinga i tildelingsprosessen i år, ønskjer vi tilbakemelding innan 1. april. Tilbakemeldinga kan gjerne skje på vedlagte rapporteringsskjema. Rapporteringsskjema er i høgre marg, kalt skjema - Mellombels rapportering.

Skjemaet kan gjerne sendast elektronisk til postmottak@fmmr.no med referansen vår 2013/1728.

Vi har sendt ut brev med invitasjon om å søkje prosjektskjønn i 2013. Meir informasjon er på nettstaden vår, med link; fylkesmannen.no/Prosjektskjonn2013

Tilbakemelding frå prosjekt som vert avslutta i år

Vi ønskjer at erfaringane og kunnskapen som prosjekta har generert blir ivaretatt, og at dei lettare kan overførast til andre kommunar.

Vi ønskjer at prosjekta skriv ein rapport som inneheld følgjande:

  • Kort om prosjektet: Eit samandrag av prosjektet.
  • Mål: Kva prosjektet skulle sjå nærare på.
  • Tidsplan: Framdriftsplan eller milepælsplan
  • Organisering: Korleis vart det arbeida i prosjektet.
  • Økonomi – rekneskap: Korleis prosjektet har blitt finansiert og kva ressursane har blitt brukt.
  • Resultat / erfaringar: Kva måloppnåing hadde prosjektet, kva kan erfaringane nyttast til og eventuelle kritiske suksessfaktorar eller moglege forbetringspunkt.
  • Problem / utfordringar:
  • Konklusjon og evaluering: Var prosjektet vellukka? Kva er årsakene til konklusjonen? Sett i ettertid, kva kunne vert gjort annleis eller betre? Kva er vegen vidare innanfor tema/målet?

I høgre marg har lagt ut eit rapporteringsskjema som kan nyttast. 

Vi ber om rapportering innan 31. august. Skjemaet kan gjerne sendast elektronisk til postmottak@fmmr.no med referansen vår 2013/1728.

Prosjekt vi har gitt støtte til blir avslutta til ulike tidspunkt. Prosjekta som blir avslutta på eit seinare tidspunkt enn 31. august kan få utsett frist. Gi i så fall tilbakemelding til kontaktpersonen hjå fylkesmannen om når prosjektet er venta ferdig og om når rapporten blir sendt til oss.