Tildeling prosjektskjønn 2014
Fylkesmannen i Møre og Romsdal har delt ut kr 7 808 000 til prosjekter i kommunane.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
I dag går det brev til Kommunal- og moderniseringsdepartementet med tildelinga av prosjektskjønnet i år. Alle kommunane i fylket har blitt invitert til å søkje støtte til utviklings- og fornyingsprosjekt. Det har kome inn over 70 søknadar til ulike tiltak. Totalt var det søkt om over 30 millionar kroner. Tildelinga til prosjektskjønn er førebels på kroner 7 808 000.
På grunn av den store skilnaden mellom omsøkt beløp og tilgjengeleg beløp, er det fleire gode prosjekt som det ikkje har vore mogleg å prioritere innanfor rammene av prosjektskjønnet i år. Fleire av prosjekta som har fått støtte, har i all hovudsak fått eit mindre beløp enn det dei har søkt om. Det er fordi vi vil sikre ei kommunal forankring i prosjekta gjennom ein monaleg kommunal eigendel, og at omsøkt sum er mykje høgare enn summen vi har til fordeling.
Midlane vert utbetalt tidleg i juni.
Tabellen i linken til høgre, under relaterte dokument, syner dei prosjekta som har fått støtte.
Kontaktpersoner
-
Sissel Hol
Tlf: 71 25 84 49 / 94 98 55 44