Skjønnstildelinga i statsbudsjettet

Fylkesmannen har tildelt 40 millionar kroner til kommunane i Møre og Romsdal.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.10.2014

Fylkesmannen tildeler årleg skjønnstilskott til kommunane i Møre og Romsdal. I 2015 skal Fylkesmannen tildele 101 millionar kroner.

Den kommunevise tildelinga er i tabellen i høgre marg.

Grunngjevinga for tildelinga i statsbudsjettet 2015 er som føljer:

Kompensasjon for differensiert arbeidsgivaravgift

Kommunane som fekk høgare arbeidsgivaravgift som følje av endringane i 2007 vart kompensert for endringane gjennom skjønnsmidlane. Eg viser til brevet vårt om skjønnmidlar frå 23. mai i år der det var signalisert at skjønnsramma knytt til arbeidsgivaravgift skulle bli overført frå særskilt grunnlag til basisramma.

Etter endringane i arbeidsgivaravgiftsonene frå 1. juli i år, endringane i retningslinjene for skjønnstildelinga for 2015 og i oppbygninga av den fylkesvise skjønnsramma, har vi valt å gjere endringar i korleis vi kompenserer dette forholdet. På sikt vil vi handsame denne kompensasjonen etter same prinsipp som for andre forhold vi vurderer i skjønnstildelinga. Det vil si at vi ikkje lenger vil ha ein tilnærma full kompensasjon for endringane i 2007. Vi vil trappe ned tildelinga vi historisk har hatt med 20 prosentpoeng årlig i tre år.

Vi tildelte etter dette kriteriet til statsbudsjettet som vart lagt fram i 2014. Det vil seie at dei kommunane vart overkompensert i høve til utgiftene for budsjettåret 2014. Kommunar som fikk skjønnsmidlar knytt til dette, og lågare arbeidsgivaravgift frå 1. juli i år, får redusert skjønnstildeling i 2015. Endringa vil vere nøytral for budsjettåra 2014 og 2015 sett under eit.

Ber om tilbakemelding om det er ønskjeleg med møte om meir informasjon rundt dette.

Språkdeling

Kommunar som har ekstrautgifter til oppretting av nye klasser som følje av språkdeling har fått ein kompensasjon. Dette er tildelt kommunar som berre på grunn av kravet om begge målføre må ekstra grupper i grunnskolen.

Rovviltpolitikk

Skadeførebyggjande og konfliktdempande tiltak i regi av kommunen der aktuelle interesser er representert.

Skyss av helsepersonell

Kommunar som har særskilte utgifter til ambulansebåt har fått ein kompensasjon.

Barnevern

Utgiftene knytt til barnevern, og spesielt barn under omsorg, varierer mykje mellom kommunane. Vi kompenserer dei kommunane med dei største utfordringane i fylket. Vi har i utgangspunktet kompensert dei kommunane med eit uforholdsmessig høgt tal på barn under omsorg. Dette er så vurdert opp mot det øyremerka tilskottet for å styrke barnevernet og andre kompensasjonsordningar.

Tildeling av restmidlar

Kommunane i Møre og Romsdal har fått tildelt ein total skjønnsramme for 2015 på 101 millionar kroner. I statsbudsjettet er 40 027 000 kroner tildelt. Restramma er på 60 973 000 kroner. Den atthaldne ramma skal gå til kommunereform, innovasjon i kommunesektoren (prosjektskjønn), forpliktande plan til kommunar i Robek, kommunar med spesielt høge utgifter til ressurskrevjande tenester samt generell vurdering og særskilte saker.

Tidspunkta i 2015 for tildeling vil vere som føljer:

  • Kommunereform: nyåret
  • Prosjektskjønn: mai
  • Resterande: oktober

Kontaktpersoner