Herøy kommune blir meldt inn i Robek

Statsforvaltaren har i dag gitt beskjed til Kommunal- og moderniseringsdepartementet om at Herøy kommune oppfyller vilkåra for registrering i ROBEK.

Publisert 25.09.2025

På bakgrunn av rekneskapen for 2024 og spesielle omstende (av teknisk art) som førte til at kommunen fekk eit meirforbruk i 2024, har statsforvaltaren vurdert om vilkåra for å nytte heimelen til å unnlate innmelding i ROBEK er oppfylte. Denne heimelen er ein unntaksregel som skal nyttast i opplagde tilfelle. For at unntaksregelen skal kunne nyttast, må den underliggjande økonomien i kommunen vere i balanse.

Herøy kommune har vist stor omstillingsvilje og har sett i verk ei rekkje tiltak som har positiv effekt på drifta. Desse tiltaka kan på sikt bidra til økonomisk balanse. Likevel, etter ei samla vurdering av kommunen sin økonomiske situasjon, vert det konkludert med at økonomien ikkje er i balanse grunna eit stort meirforbruk frå 2023.

Statsforvaltaren si vurdering skal byggje på objektive kriterium, og ikkje på skjønnsmessige eller framtidsretta vurderingar av økonomisk utvikling. Sjølv om intensjonane og tiltaka er gode, er det den faktiske økonomiske balansen som er avgjerande. Det ligg ikkje føre eit openbart tilfelle som tilseier at unntaksregelen i § 28-1 andre ledd kan nyttast. 

På denne bakgrunnen vert det vurdert at vilkåra for innmelding i ROBEK er oppfylte, og at unntaksregelen ikkje kjem til bruk. Herøy kommune registrerast i ROBEK etter § 28-1 første ledd bokstav d, då balanserekneskapen viser eit oppsamla meirforbruk frå driftsrekneskapen som overstig tre prosent av brutto driftsinntekter.