Revidert nasjonalbudsjett 2022 og kommuneproposisjonen 2023
12. mai la regjeringa fram forslag til revidert nasjonalbudsjett for 2022 og kommuneproposisjonen for 2023.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Regjeringa presenterer her reviderte anslag for kommunesektoren i inneverande år og det økonomiske opplegget for det kommande året. Regjeringa vurderer kommuneøkonomien som god, med jamt over gode driftsresultat og oppbygging av disposisjonsfond i 2021.
Revidert budsjett 2022 for kommunesektoren
Statsbudsjettet for 2022 vart vedtatt med ein auke i dei frie inntektene til kommunane på 4,7 mrd. kroner samanlikna med 2021. Etter dette har både skatteinntekter og kostnadane for kommunane auka. Regjeringa føreslår nå å auke handlingsrommet til kommunane i 2022 med ytterlegare 4,1 mrd. kroner. 1,6 mrd. kroner av desse er ein varig styrking av dei frie inntektene.
Økt skatteanslag 2022 – 4,1 mrd. kroner til kommunesektoren
Det er anslått at skatteanslaget, justert for prisvekst, aukar med totalt 15,6 mrd. kroner. Av dette anslås det at 14 mrd. kroner er en effekt av ekstraordinært høye aksjeutbytte mot slutten av fjoråret. Dette er en eingongsinntekt i 2022. Regjeringa foreslår at 2,5 mrd. kroner av disse inntektene skal gå til kommunesektoren, mens 11, 5 mrd. kroner går til staten. Dette blir gjort gjennom ein reduksjon i rammetilskotet. Regjeringa vil ta omsyn til skattesvake og skattesterke kommunar i nedtrekket. Dersom det viser seg å vere enkeltkommunar som kommer negativt ut etter justeringa, vil disse bli kompensert.
I tillegg til eingongsinntekta på 2,5 mrd. kroner, vil inntektene auke for kommunesektoren med 1,6 mrd. kroner, som er ein varig inntektsauke.
Pandemikostnader – 200 mill. kroner til beredskap for testing i kommunane
Det er sentralt i regjeringas beredskapsplan for pandemihandteringa at testing, isolering, smittesporing og karantene (TISK) raskt kan reetablerast. Regjeringa foreslår 200 mill. kroner for å kompensere kommunane for utgiftene med å oppretthalde beredskap for testing i andre halvår 2022.
Vidare vil departementet på bakgrunn av arbeidsgruppa sin rapport vurdere behovet for eventuelle endringar i kompensasjonen for 1. halvår 2022.
Arbeidsgruppa som kartlegg pandemikostnadane, skal levere ein rapport om kostnadar for første halvår 2022 innan 1. september. Kostnadsanslaget frå arbeidsgruppa vil bli lagt til grunn for regjeringas vurdering av kompensasjon i 2022. Dette vil bli presentert ved nysalderinga av 2022-budsjettet. For åra 2020 og 2021 vurderer regjeringa at kommunesektoren samla sett er kompensert for meirutgiftene sine.
Det økonomiske opplegget for kommunesektoren 2023
Regjeringa legg opp til ein vekst i dei frie inntektene på mellom 1,8 og 2,3 mrd. kroner i 2023. Meirutgifter for kommunesektoren som følge av demografiutviklinga er anslått til 1,4 mrd. kroner. Det ser ut til at det vil bli nullvekst for pensjonskostnadene utover lønnsveksten. Det er ikkje varsla bindingar innan veksten i dei frie inntektene.
Vidare foreslår regjeringa å auke tilleggskompensasjonen til kommunar med høge utgifter til ressurskrevjande tenester til 80 mill. kroner, ein auke på 25 mill. kroner. Kompensasjonen gjeld for kommunar med færre enn 3200 innbyggarar og lave skatteinntekter.
Skjønnsramma som vil bli fordelt til kommunane i 2023 er foreslått til 800 mill. kroner, ein reduksjon på 50 mill. kroner, samanlikna med 2022.
For meir informasjon, sjå lenke til kommuneproposisjonen 2023.
Kontaktpersoner
-
Sissel Hol
Tlf: 71 25 84 49 / 94 98 55 44