Skjønnsmidlar og fylkesløft/prosjektskjønn for 2023

Statsforvaltaren inviterer kommunane i Møre og Romsdal til å kome med innspel til skjønnstildelinga for 2023. Ein del av skjønnsramma skal gå til innovasjon og utvikling i kommunane. Satsingsområda for 2023 står lista opp under fylkesløft/prosjektskjønn.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.03.2022

Skjønnsmidlar 2023

Statsforvaltaren tildeler kvart år skjønnsmidlar til kommunane og har ansvaret for å kome fram til ei god og rettferdig tildeling av skjønnsmidlane mellom kommunane i fylket. Innspel frå kommunane er viktig for å oppnå ei så rettferdig tildeling som råd.

Vi ønskjer innspel på vesentlege utgifter som kommunen ikkje kan påverke sjølv, og som ikkje blir kompensert i stor nok grad gjennom andre tilskot. Innspela frå kommunane vil bli vurdert i forhold til m.a. inntektssystemet og andre tilskotsordningar, og i høve til gjennomsnittlege utgifter knytt til innspelet for kommunane i fylket i den grad det lar seg gjere. Fristen for søknad om skjønnsmidlane er 1. juni 2022.

Vi vil uansett vurdere følgande kriteria i tråd med praksis frå tidlegare år: Språkdeling, Barnevern, Ressurskrevjande tenestemottakarar, Skyss av helsepersonell, Helseplattforma og Kriseskjønn.

  • Innspel om skjønnsmidlar kan sendast til sfmrpost@statsforvalteren.no
  • Merk sendinga 2022/1251
  • Fylkesløft/prosjektskjønn søknad gjennom prosjektportalen ISORD
  • Søknadsfrist for skjønnsmidlar og fylkesløft/prosjektskjønn er seinast den 1. juni

Fylkesløft/prosjektskjønn 2023

Ein del av skjønnsramma skal bidra til fornying og utvikling i kommunane gjennom fylkesløft/prosjektskjønn. Vi har hatt fokus på prosjekt som kan gi eit løft for alle kommunane i fylket. Dei siste åra har vi prioritert tilskot til prosjekt i samarbeidsprosjektet Møre og Romsdal 2025 og til Helseplattforma.

For 2023 vil vi vidareføre satsingane på:

  • Helseplattforma
  • Berekraftsfylke Møre og Romsdal
  • Ungt entreprenørskap

Kommunane kan søke om prosjektskjønn til andre fornyings- og utviklingsprosjekt enn dei som er nemnd som satsingsområde. Ramma for tildeling av prosjektskjønn for 2023 er stram. I 2022 blei det berre tildelt prosjektskjønn til dei prioriterte satsingane og det same vil nok gjelde for tildelinga i 2023.

Sjå brevet til kommunane, lenker og vedlegg (til høgre i margen) for meir informasjon.