Supert møte før sommarferien
Fylkesmannen hadde eit godt samarbeidsmøte med regionråda førre veke.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 17.06.2015
Sjølv om sola ikkje har akkurat glimta til i det siste, er det likevel snart klart for sommarferie for dei fleste. Før datamaskina blir bytta ut med solkrem fekk Fylkesmannen samla dei tre regionråda her i fylket.
Fylkesmannen har møte med regionråda fire gongar i året. Regionråda gjer eit stort arbeid for kommunane i å leggje til rette for innbyggarhøyringar, utgreiingar, møteplassar og møteleiing for ein eller fleire kommunar.
Tema denne gongen var status og vegen vidare etter ferien.