Fylkesmannen møtte folkevalde og administrativ leiing, i kommunane Aukra, Vestnes og Rauma
Fylkesmannen og fylkeskommunen har invitert til møte med folkevalde og administrativ leiing i kommunane i Møre og Romsdal. Først ute var Aukra, Vestnes og Rauma som i dag var samla på Alexandra hotell i Molde.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Dagen starta med eit møte mellom Fylkesmannen og politisk og administrativ leiing i dei tre kommunane. Etter lunsj, var det dei folkevalde som var målgruppa.
Fylkesmann Rigmor Brøste opna samlinga, og orienterte om Fylkesmannsrollen og regional forvaltning.
Formålet med samlinga var
- å gi kunnskap og informasjon om viktige lover og regelverk
- å gje deltakarane meir innsikt i det politiske handlingsrommet innanfor den kommunale verksemda
- å tilrettelegge for dialog
Møre og Romsdal fylkeskommune v/Johnny Loen orienterte om fylkeskommunen si rolle.
Ordførarane sin halvtime
Dei tre ordførarane fekk ein halvtime på deling, der dei snakka om utfordringar i eigen kommune og om kva forventningar dei hadde til samhandlinga med Fylkesmannen og fylkeskommunen.
Samlinga var inndelt i ein fellesdel, og ein fagbolk med ulike fagtema "parallelle tema".
Møteplanen vidare:
- Sykkylven og Stranda, 26. februar i Storfjordhallen, Stranda
- Fjord, 27. februar, Martin Linge huset, Valldal
- Volda og Ørsta, 18. mars, Havila Hotel Ivar Aasen
- Ålesund, 19. mars Scandic Parken hotell
- Hustadvika, 25. mars, Hustadvika gjestehus
- Molde, 2. april, Alexandra hotell, Molde
Kontaktpersoner
-
Rigmor Brøste
Tlf: 71 25 84 14 / 92 65 94 01