Kommunane sit med nøkkelen til ei berekraftig framtid
– Alle val ei kommune gjer verkar inn på miljø, økonomi og sosiale forhold. Når kommunane legg planar og strategiar må dei ha berekraftsamåla heilt fremst i panna, seier Anne Melbø og Frida Brevik hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Måndag 24. oktober kjem leiarar frå alle kommunar i Møre og Romsdal til Ålesund. Dei skal på den to dagar lange Plan- og klimakonferansen som Statsforvaltaren og fylkeskommunen arrangerer i lag.
Berekraftige planar
På konferansen er har dei fokus på korleis kommunane må planlegge og tenke strategisk for å legge til rette for ei framtid som nye generasjonar kan leve godt i – både sosialt, økonomisk og miljømessig. Altså ei berekraftig utvikling.
– Vi må sjå og løyse alt i samanheng. Om vi gjer val som er gode på eit område, til dømes økonomisk, men som samstundes riv ned miljøet eller øydelegg for viktige sosiale godar, har vi ikkje planlagt strategisk godt, seier Johnny Loen, plansamordnar frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
Kommunane gjer stadig vurderingar som verkar inn på framtid og berekraft: Korleis skal vi bruke dette arealet? Kva for ressursar skal vi nytte i dette prosjektet? Kor skal vi kjøpe utstyr og tenester? Kan vi bruke materiale vi har frå før?
Sosial berekraft får stor plass under konferansen. Både folkehelse, utanforskap og førebyggande arbeid for utsette barn og unge er tema i programmet. Målet er at desse tema blir tatt inn som ein viktig del i kommunane sitt planarbeid.
Natur og ombruk
– Eit aktuelt tema som blir belyst på dag to av konferansen er storsamfunnet sine behov for hytter, straum og anna som fører til press på naturen. Korleis kan kommunane møte denne utfordringa, spør Anne Melbø.
Andre aktuelle tema handlar også om naturen: Det å bevare natur, å restaurere natur – til dømes ved å fjerne drenering og la myr bli myr igjen, og om å lage naturbaserte løysingar som etterliknar naturen sine eigne grep,
– Vi har også aktuelle tema om ombruk og det vi kallar sirkulær økonomi: At vi kan nytte material og ressursar fleire gonger. Her står både matredding, ombruk av kontorlokale og biogass på dagsorden, seier Johnny Loen.
Kontaktpersoner
-
Frida Farstad Brevik
Tlf: 71 25 84 51 / 97 64 77 29 -
Anne Melbø
Tlf: 71 25 85 15 / 97 70 45 91