Kursar kommunar i kommunikasjon

Dekan Ivar John Erdal ved Høgskulen i Volda. Mennesker som jobber på laptoper sitter i bakgrunnen.
Dekan Ivar John Erdal ved Høgskulen i Volda. Foto: Lena S. Sandvik, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Kommuneleiinga i Fjord, Vanylven, Sande, Stranda og Gjemnes blir kursa i kommunikasjon. Målet er at dei skal bli betre på strategiske bodskap.  

Publisert 03.03.2026

– Mange av kommunane våre står midt i tøff omstilling. Alle i kommunen, frå leiing til politikarar og innbyggjarar, må ha same situasjonsforståing så dei ser kvifor ulike tiltak er nødvendige. Kommunikasjon er ein nøkkel for å lykkast, seier assisterande statsforvaltar i Møre og Romsdal, Rigmor Brøste.

Skal gi verktøy 

I lag med Distriktssenteret og Møre og Romsdal fylkeskommune finansierer Statsforvaltaren kurset for dei fem kommunane i satsinga «Tett på». Høgskulen i Volda står for kursopplegget.  

– Alle kommunane som deltek er små, og har få ressursar å spele på. Med dette kurset får dei eit verktøy som dei har god nytte av både i omstilling, planprosessar og dagleg drift, seier fylkesplansjef Ingunn Bekken Sjåholm.

Deltakarar på kurset som jobbar på laptopar og snakkar saman.
Kommuneleiinga i Fjord, Vanylven, Sande, Stranda og Gjemnes blir kursa i kommunikasjon på Høgskulen i Volda. Foto: Lena S. Sandvik, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Teori og praksis 

Kurset består av to samlingar over to dagar på Høgskulen i Volda, første samling er 2. og 3. mars. Deltakarane skal få jobbe praktisk med å produsere medieinnhald i ulike kanalar. 

– Vi ønsker at dei skal sitte igjen med auka kunnskap om korleis dei kan kommunisere med ulike målgrupper, seier dekan Ivar John Erdal ved Høgskulen i Volda.

Han meiner at systematisk kommunikasjonsarbeid er viktig for alle kommunar.

– Ved å auka den teoretiske og praktiske kompetansen vert det lettare å utforske og lære meir på eiga hand, og kommunane kan også dele erfaringar undervegs, seier Erdal.

Deltakarar på kurset som jobbar på laptoper og snakkar sammen.
Frå samlinga. Foto: Lena S. Sandvik, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Får vidare oppfølging 

Kurset er ei vidareføring av eit kurs som vart laga for kommunane Skjåk, Ulstein og Volda, med støtte frå statsforvaltarane i Møre og Romsdal og Innlandet.  

– Det unike for kommunane i «Tett-på» er at dei også får oppfølging i etterkant av kursdagane i vår. Lærarar frå Høgskulen i Volda vil, i lag med «Tett-på», besøke kvar enkelt kommune og gi tilbakemelding og rettleiing over ein periode på eit år, seier direktør for Distriktssenteret Marit L. Mellingen. 

Kontaktpersonar