Fylkesnytt nr 2/2019 frå Møre og Romsdal
Les om den høge hjortebestanden som utfordring for landbruksnæringa i fylket, aksjon for innsamling av mekanisk avfall for gjenvinning, Tine si rådgjeving retta mot mjølkeprodusentar om å tenkje langsiktig, og arrangementet MR mat ein arena der lokalmatnæringa møtes.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Tal frå Hjorteviltregisteret viser at hjortebestanden i fjor var rekordstor i fylket. Både jord- og skogbrukarar har i deler av fylket omfattande skadar då hjorten beiter i plantefelt og på jordbruksareal.
Landbruk Nordvest satsar på å etablere ein effektiv organisering for innsamling av mekanisk avfall frå landbruksnæringa. Utrangert utstyr har ein betydeig verdi og kan gjennvinnast.
Mjølkeproduksjon er både kompetanseintensiv og kapitalkrevjande. Bønder som investerer må bygge beslutningen på en grundig prosess med gode grunnlagsdata. Rapporten frå Tine sitt prosjekt om systematisk jobbing med strategisk rådgjevning retta direkte mot mjølkebønder er lagt ut på heimesida til fylkesmannen.
Det årlige MR mat arrangementet er både ein fagleg arena og ein møteplass for inspirasjon, nettverksbygging og samarbeid.
Les meir om desse tema i Fylkesnytt frå Møre og Romsdal på Regjeringen.no
Kontaktpersoner
-
Frank Madsøy
Tlf: 71 25 84 03 / 97 17 14 93