15. september er ny spreiefrist for husdyrgjødsel

Det er nytt gjødselregelverk frå i år. 15. september er siste frist for spreiing av husdyrgjødsel om hausten.
Spreiefrist
Det er frå i år slutt på at kommunane kan ha eigne fristar for gjødselspreiing. Tidlegare har spreiefristen om hausten variert mellom 1. september og 1. oktober. Frå i år er den 15. september for heile fylket.
Dispensasjon
Kommunane kan ikkje lenger gi dispensasjon for å køyre ut husdyrgjødsel etter fristen. Det må no søkast statsforvaltaren om slik dispensasjon. I særlege tilfelle det kan bli gitt dispensasjon frå fristen.
Overgangsordning
I 2025 og 2026 er det som ei overgangsordning tillatt å spreie husdyrgjødsel fram til 1. november med nedmolding rett etter spreiing. I same overgangsperiode er det heller ikkje krav til hausting eller etablering av plantevekst etter siste spreiing.
Meir lagerkapasitet
Utfordringa for mange er å ha nok lagerkapasitet slik at det ikkje er behov for å tømme gjødsellager langt utpå hausten. Den utfordringa vil bli enno større når overgangsperioden er over, og det vil bli krav til enten hausting eller tilsåing etter siste spreiing, som ikkje kan vere seinare enn 15. september.