Remmem gård heidra med Kulturlandskapsprisen 2025

– Det er artig at arbeidet vi gjer blir lagt merke til, seier Marius Remmem og Linn Kristin Hestad, som 1. oktober fekk overrekt Kulturlandskapsprisen.
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal deler kvart år ut Kulturlandskapsprisen. Prisen går til den eller dei som gjer ein særskild innsats for å ta vare på verdiane og utvikle moglegheitene i kulturlandskapet.
Årets prisvinnarar driv Remmem gård i Romsdalen. I tillegg til sin eigen gard, leiger dei jord og driftar heile 20 andre bruk i dalen. Gardsbruka ligg i eit område som Riksantikvaren har peika ut som eit kulturhistorisk landskap av nasjonal verdi.
Gjennom jordbruket bidreg Marius og Linn Kristin til å halde dette kulturlandskapet opent og produktivt.
– Det er ikkje få timar vi legg ned i løpet av eit år, så det er jo kjekt at det blir lagt merke til, seier Marius.
Han er fulltidsbonde, mens Linn Kristin også jobbar utanfor gardsdrifta som ambulansearbeidar. I tillegg leiger dei ut rom til jegerar og lakseturistar.
– Det er mykje logistikk og planlegging for å få alt til å gå rundt, men vi utfyller kvarandre godt, seier Linn Kristin.
Drift med dyra i sentrum
Paret dyrkar både korn og gras, og har ein buskap på rundt 120 storfe, med kalvar, ungdyr og 50 ammekyr. Om sommaren beiter dyra i både innmark og utmark.
På spørsmål om kva som gir mest glede i arbeidet, er det dyra dei trekk fram:
– Vi er veldig glade i dyra våre, seier Marius, og fortset:
– Kalvinga er ei fin tid på året, i alle fall når det går godt. Eg er også glad i slåtten og likar synet av nyslåtte jorder.

Tilpassing til landskapet
Jordstykka dei leiger ligg spreidd over eit vidstrekt område i dalen. Kvar plass har sine særpreg, og det stiller krav til fleksibel drift og god evne til å tilpasse seg landskapet.
– Det påverkar i stor grad korleis vi kan løyse oppgåvene. Det er mange små jordlappar, og i tillegg ligg det store steinar fleire stader. Då blir det mykje snuing, og enkelte plassar kan ein bli rett svimmel etter nokre timar i traktorsetet, fortel Marius.
Garden deira, Remmem, ligg like ved Raumaelva. Brua over elva er smal, noko som gir ekstra utfordringar:
– Det er mykje utstyr som skal fraktast over, og breidda på brua legg avgrensingar på kva vi kan kjøpe inn av moderne utstyr. Vi må stadig fram med målbandet for å sjekke kva som passar, seier han, og legg til:
– Vi har altså ikkje den enklaste driftsforma, med mange små jordstykke som ligg upraktisk til, men det er no dette vi har.

Fokus på effektiv drift
I travle periodar som våronna har dei innleigd hjelp, og då er ofte 2–3 traktorar i sving. Om sommaren jobbar det gjerne ungdommar på garden.
Når det gjeld vidare utvikling av garden, er paret samstemte:
– Vi har meir enn nok arbeid akkurat no, så det viktigaste for oss er å utvikle måten vi jobbar på, slik at drifta blir mest mogleg rasjonell. Vi har to ungar på fem og sju år, og det er viktig for oss å ha tid til dei og, seier Marius.
– Det må vere plass til både gardsdrifta og familielivet, legg Linn Kristin til.
Saman ønskjer dei å drive vidare på ein måte som fungerer godt både for landskapet og for livet heime.
Prisen delt ut på Remmem gård
Kulturlandskapsprisen 2025 vart delt ut på Remmem gård 1. oktober av statsforvaltar Else-May Botten og fylkesordførar Anders Riise.
Botten leiar også juryen for Kulturlandskapsprisen, som i år har bestått av:
- Fylkesordførar Anders Riise, Møre og Romsdal fylkeskommune
- Hilde Arna Tokle Yri, seksjonsleiar for kulturmiljø og friluftsliv i Møre og Romsdal fylkeskommune
- Frank Madsøy, områdedirektør for berekraftig naturbruk hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Det er Rauma kommune som har nominert Remmem gård.
Juryen si grunngjeving:
«Remmem utmerkte seg med stor drift, viktig rolle i kulturlandskapet og engasjement frå eit ungt par som driv heile 20 bruk. Juryen la vekt på både kulturminneverdiar, landskapspleie og kor viktig drifta er for lokalsamfunnet.»
Kontaktpersonar
Kulturlandskapsprisen
Prisen består av ein sjekk på kr 10 000, eit kunstverk og ein diplom. Prisen har vore delt ut av Statsforvaltaren i Møre og Romsdal sidan 2001.
Prisvinnaren må vere ein god ambassadør for landbruket og bygde-Noreg.
Finn alle priskriteria og meir informasjon om Kulturlandskapsprisen.