Eit landskap fullt av liv!
Gjennom tusenvis av år har vi menneske, i lag med beitedyr, forma kulturlandskapet; slåttenger, beitemarker, lyngheier og lauvingslier. Vi har laga eit panorama for insekt og planter av ulik art – eit mangfald som gir liv.
Av: Statsforvaltar Else-May Botten og seniorrådgivar Ragnhild Naug Aas
Gjennom slått, beite, brenning og hausting har vi laga variasjon og mosaikk i landskapet. Ope vegetasjon med mykje lys- og varmeinnstråling gir gode leveområde for ein mengde ulike planter og insekt. Sidan kvar plante berre blømer ein gong i sesongen, treng insekta ein meny av forskjellige planter som blømer til ulik tid for å klare seg. Dette finn dei i kulturlandskapet.
Vi er kulturlandskapet sin største trussel
Det artsrike kulturlandskapet blir stadig redusert. Slåttemark, naturbeitemark og kystlynghei er dei mest trua naturtypane her til lands. Desse er heilt avhengige av tradisjonell skjøtsel for å halde fram. Slik skjøtsel blir det mindre av for kvart år som går.
Den viktigaste årsaka til at kulturlandskap forsvinn, er at vi bruker areala til noko anna, eller ikkje skjøttar dei som før. For eksempel startar vi å bygge i området, eller vi legg ned garden, og landskapet gror att. Slikt får konsekvensar. Når opne åkrar, blomeenger og beitemarker forsvinn, blir også mange planter og insekt borte.
Andre område gjer vi om til store einsarta åkrar. Vi blir stadig fleire menneske – og då treng vi meir mat. Økt krav til effektiv og rasjonell drift resulterer i at vi dyrkar lik planteart over store, samanhengande område. Når vegetasjonen består av få artar, har insekta mindre sjanse til å treffe på plantene dei treng og likar best. I tillegg kan bruken av plantevernmidlar og gjødsel auke. Det er ikkje heldig for naturmangfaldet.
Sårbart system
Samspelet mellom insekt og plantar er fantastisk. Dei bestøvar, spreier frø, bryter ned organisk materiale, blander jorda og gir mat til kvarandre. Kvar art har ei rolle i dei forskjellige næringskjedene og i det komplekse kretsløpet. Kvar enkelt plante og insekt er ofte ein viktig byggestein i desse systema. Om artar forsvinn, risikerer vi at heile økosystem blir mindre produktivt, og sårbart for endringar. Det kan rakne og døy ut.
Naturmangfaldet har direkte nytteverdi for oss menneske. Pollinerande insekt som humle, bie og blomsterfluger spelar ei viktig rolle i nasjonal og global matproduksjon. I tillegg gir mangfaldet oss mange ulike produkt, alt frå trevirke til medisinar.
Ta vare på mangfaldet – som gir liv!
Vi hos Statsforvaltaren arbeider for å ta vare på heile naturmangfaldet. Vi meiner at kvar art i økosystema har sin verdi. Dei gir liv. Artane må leve for at vi skal kunne leve godt i dag, og for at komande generasjonar skal kunne ha ei trygg framtid.
Vi vil ta vare på naturmangfaldet. Vi må vere bevisste på konsekvensane inngrepa våre har. Vi bør ikkje bruke kulturlandskapsareala til noko anna enn jordbruk. Vi bør skjøtte landskapet. Aktiv og allsidig jordbruksdrift, der vi vidarefører tradisjonelle driftsmetodar parallelt med moderne jordbruk, er svaret på utfordringa kulturlandskapet står i. Da tar vi vare på alle verdiane som dette landskapet representerer.
Kulturlandskapsprisen - for å inspirere til vidare skjøtsel
Kvart år deler Statsforvaltaren i Møre og Romsdal ut Kulturlandskapsprisen. Det gjer vi for å inspirere og motivere bønder til å ta vare på jordbruksareal med verdfullt og artsrikt kulturlandskap.
Fristen for å tipse oss om kandidatar er 1. mai. Vi vil høyre om aktive gardbrukarar, grunneigarlag, bygdelag eller andre fellestiltak som held kulturlandskapa levande. Tips oss på: www.statsforvalteren.no/klprisen2024.