Korleis hindre at landbruksplast kjem på avvegar?

Rundballeplast
Rundballeplast Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Plast er eit viktig materiale for landbruket, men også ei kjelde til forureining. Korleis kan vi handtere landbruksplasten slik at han ikkje kjem på avvegar?

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.01.2022

Plast er mykje brukt i landbruket, mellom anna for å sikre kvaliteten på fôr, frukt og bær.

Rundballeplast utgjer ein stor del av plastbruken i næringa. Denne kan verte ei kjelde til forureining dersom det vert liggande att restar på eit jorde, hengande i tre eller flytande i vassdrag. I tillegg til å vere skjemmande i landskapet, har plastforureining uheldige konsekvensar for naturen. Nedbrytinga skjer sakte, og plasten vert til slutt små partiklar som kan ende opp i bekkar, elvar og i sjøen. Både store og små plastbitar kan skade levande organismar.

Plast skal til godkjent mottak

– Det er viktig at landbruksnæringa handterer landbruksplasten rett og miljøvenleg. Sjølvsagt er dette viktigast av omsyn til naturen, men også for omdømmet til næringa. Bonden må både hindre spreiing av plast og levere inn landbruksplast til gjenvinning. Du som brukar landbruksplast har ansvar for at plasten vert handtert rett, så den ikkje kjem på avvegar i naturen. All landbruksplast er næringsavfall og skal leverast til godkjent mottak, seier assisterande direktør hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Brit Kari Eidseflot Hauger.

Tips for handtering av landbruksplast

  • Plasser rundballane slik at det ikkje er fare for at dei vert tatt av flaum.
  • Plasser rundballane der dei er minst vindutsett, slik at ikkje vinden får tak i plasten og riv den sund.
  • Unngå at mindre flak vert rive laus og tatt av vinden, t.d. ved flytting og transport.
  • Samle plastavfall der det ikkje er fare for at den bles vekk.
  • Ikkje bland landbruksplasten med anna avfall.
  • Lever plast til eit godkjent avfallsmottak for gjenvinning.
  • Bidra til betre plastgjenvinning ved å sortere og levere tørr plast.

Det er gratis å levere landbruksplast hos innsamlarar som har avtale med Grønt Punkt Norge. Det føreset at plasten er rett sortert og rein. Slik plast kan nyttast til gjenvinning, medan forureina plast går til energiproduksjon.

Finn fleire tips til korleis landbruksplast skal sorterast, kvar du kan levere landbruksplast og kva som skjer med innlevert landbruksplast her:

Landbruksplast og forureiningslova

Landbruksplast er næringsavfall og bonden er pålagt å levere den til eit godkjent avfallsmottak. Dersom garden eller nærområdet vert forsøpla av plast eller andre gjenstandar, kan kommunen pålegge bonden å rydde opp. Dersom eit slikt pålegg ikkje vert etterkome, kan kommunen gjennomføre opprydding på bonden si rekning. Dette gjeld også på privat eigedom. Sjå Lov om vern mot forurensninger og om avfall (forurensningsloven) 

Kommunen kan avkorte i produksjonstilskotet

Dersom bonden har ei avfallshandtering i si jordbruksdrift, som kommunen har vedtatt bryt med forureiningslova, kan kommunen avkorte i produksjonstilskotet.