Pris til Smøla Produksjonslag SA
Smøla Produksjonslag SA fekk onsdag overrekt bedriftsutviklingsprisen for Møre og Romsdal. Det medlemseigde produksjonslaget på 12 aktive bønder har utvikla Smølagrønt til å bli eit velkjent begrep.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Knasande sprø og mest smakfulle
Produksjonslaget har vore i drift sidan 1954, og har stadig utvikla seg. Dei seinaste åra har dei investert mykje i både produksjonslinjer, kjølelager, kompetanse, sortar og grafisk uttrykk. Laget produserer og leverer både gulrot, kålrot og andre grønsaker. Smølagulrot er saftig, søt og knasande sprø. Fagekspertane i Matmerk konkluderer med at Smølagulrot er blant dei aller mest smakfulle i Norge.
Styreleiar Odd Harald Solheim og dagleg leiar Hugo Arnfinn Bolgvåg, Smøla Produksjonslag SA var på Åndalsnes og tok imot prisen. Dei var både stolte og glade over tildelinga.
Om prisen
Bedriftsutviklingsprisen i landbruket blir kvaert år delt ut av Innovasjon Norge, og skal gå til ei vellukka bedrift eller næring som tek utgangspunkt i bygdene og landbruket sine ressursar. Dei fylkesvise vinnarane får 50 000 kroner kvar, og kjempar om den nasjonale prisen og prispengane på 250 000 kroner.
Den nasjonale prisen vil bli delt ut under InternationaleGrüne Woche i Berlin i januar 2019.
Les meir om prisen på nettsidene til Innovasjon Norge
Steinar Johnsen og Bjarne Øygard i Innovasjon Norge har meir informasjon om saka.