Kommunal landbruksforvaltning - Ansvar, status og organisering
Kommunane har viktige oppgåver i landbrukspolitikken, og landbruksnæringa er avhengig av at den lokale forvaltninga er kompetent og godt organisert. Fylkesmannen i Møre og Romsdal har gjort ei analyse av landbruksforvaltninga i kommunane.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Akkurat no i 2016 er det mykje snakk om kommunale oppgåver og kommunestruktur, men det er berre unntaksvis at problemstillingar knytt til landbruk kjem fram i debatten. Landbruksforvaltninga blir neppe førande for korleis kommunane organiserer seg framover, men samtidig er det viktig for både næring og samfunn at oppgåvene blir utført på ein god måte. Landbruksoppdraget må vere synleg og tydleg i prosessane, og rapporten er meint å gi eit bidrag til akkurat det.