Bioenergi
Trebasert biobrensel gir fornybar og klimavenleg energi, og bidrar til sysselsetting og verdiskaping i distrikta. Dei vanlege trebaserte biobrensla er ved, treflis, trepellets og briketter. Potensialet for auka bruk er stort.
Statsforvaltaren skal bidra til å nå nasjonale mål om auka bruk av skogråstoff til bioenergi, blant anna gjennom samarbeid med Innovasjon Norge. Innovasjon Norge sitt Bioenergiprogram skal stimulere jord- og skogbrukarar til å produsere, bruke og levere bioenergi frå skog eller kulturlandskap i form av brensel eller ferdig varme.
Fleire nye biovarmeanlegg i Møre og Romsdal
Frå 2016 til i dag har totalt 17 føretak i Møre og Romsdal fått støtte frå Innovasjon Norge gjennom bioenergiprogrammet. Her er støtte til gardsvarmeanlegg, anlegg for varmesal, varmeanlegg for veksthus, biogassproduksjon, lager- og tørkeanlegg for brenselsflis, konsulenthjelp til forstudiar, forprosjekt og utrekningar og kompetanse- og informasjonstiltak
Publisert 24.11.2021
Bioenergi i Møre og Romsdal
Ved- og flisfyringsanlegg nyttar avfall frå skogen til å gi varme. Straumen vi dermed sparer kan nyttast til å løyse dei oppgåvene som bioenergi ikkje passar til, som å lade el-bilen, gje lys eller straum til PC-en.