Til verdens største matmesse

Møre og Romsdal viser veg til gode mat- og naturopplevingar. I alt 5 deltakarar frå Møre og Romsdal reiser til Internationale Grüne Woche i Berlin 2018.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 20.12.2017

Vi vil gje turistane mulegheita til å ta del i lokale mattradisjonar og kulturhistorie, når de besøker høge fjell og fjordar i vårt fylke, seier mat- og reiselivskontakt Aud Lindset Drågen hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Fem utvalde bedrifter skal vise reiseglade besøkande på verdas største matmesse, Grüne Woche i Berlin, kjøkkenveien til Møre og Romsdal. Med god mat skal dei peike på dei mange natur- og kulturopplevingane Møre og Romsdal kan by på. Trollstigen, Geiranger og Atlanterhavsvegen trekjer allereide mange til området.

Fra holmen til setra

Møre og Romsdal har alltid hatt mange fiskarbønder, og vi har vore vande til å hauste av naturen frå sjø til fjell. Deltakarane til årets messe i Berlin ber denne arven med seg, samtidig som dei er opne for å bruke råvarene på nye måtar.

Dette er produsentar og opplevingsbedrifter som er glødande interesserte i det de driv med. Dei har stor kunnskap på sine felt, og de gler seg veldig til å dele sin kunnskap på Grüne Woche, seier Lindset Drågen.

Med førsteklasses røykelaks frå Drågen Smokehouse og sjømatspesialist Magnus Bergseth fra Kami Skotholmen blir den norske kystkulturen vist fram med høg kunnskap om tillaging og foredling av fantastiske råvarer frå havet. Brubekken Gardsmeieri tek smaksløkane med til seters, og byr på smaksprøver frå tradisjonell budeietradisjon og seterkultur, som rømme, smør og gode ostar.

Romsdalsgårdene er seks gjestegardar, som legg vekt på god mat og drikke, overnatting, kulturformidling og opplevingar i storslått natur. Smia Fiskerestaurant og Mætt & Go Eteri og Landhandleri tilbyr tradisjonelle råvarer tilberedt på moderne vis, inspirert av mors og bestemors kjøkken.

Tradisjon og natur

  • Tanken bak deltakinga på verdens største matmesse i Berlin er å selje merkevara Norge til reiselivet, ved å vise dei gode smakane relatert til naturopplevingane og kulturen som mange kjem til Norge for å oppleve. Slik blir også dei som driv med mat kobla saman med dei som tilbyr opplevingar, og dei kan hjelpe kvarandre til å vidareutvikle dette nasjonalt, regionalt og lokalt.
  • Deltakarane får ei felles oppleving og kjennskap og samarbeid blir til.
  • Det er fint å ta med ut lokale produsentar og folk frå serveringsstader av lokalmat, så dei kan få vise seg fram for ein større marknad, seier Aud Lindset Drågen.

Dei fem deltakarane frå Møre og Romsdal vil saman med resten av Fjord Norge, som består av fylka Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland vere ein del av Norge sin stand på Grüne Woche i Berlin.

I tillegg skal Norge sin stand på Grüne Woche nytte produkt frå følgjande produsentar fra Møre og Romsdal:

Melchiorgarden, Geiranger Bryggeri, Tingvollost, Derinngarden, North Sea Salt Works, Mosbøen Gård og Gode Greier.

Deltakarar frå Møre og Romsdal

Kami Skotholmen, Brubekken Gardsmeieri, Drågen Smokehouse, Romsdalsgårdene, Smia Fiskerestaurant og Mætt og Go Eteri og Landhandleri

Brubekken Gardsmeieri

Brubekken gardsmeieri - beitande storfe

Hos Brubekken Gardsmeieri fra Nordmøre møter tyskarane tradisjonell budeietradisjon og seterkultur.

Dette er både opplevingar, natur og berekraft, noko det tyske markedet er opptatt av. Seterprodukt er reine og tradisjonelle, og gir ein smak av vill natur og lang tradisjon, for å ta vare på melka ved å produsere smør og ost. Her kan dei både smake på produkta og overnatte på setra, for å få del i livet der på ein spennande måte.

Brubekken leverer rømme, smør, kvitost, geitost, pultost, gammalost, kjøtt av kje, spekepølse av geit, fjordfe og sia Trønderfe.

Stein Brubæk, Stein358@gmail.com, 915 63 259

Drågen Smokehouse

Historia om Drågen Smokehouse starta sommeren 2009. Petter Aune, som hadde vore på fiske i heile sitt voksne liv, gjekk i land. Han kjøpte ei brygge på Drågen ved Bud, og starta med foredling av laks og ørret.

- "Jeg ville lage en skikkelig god røykelaks av høy kvalitet. Uten å ta noen snarveier. Hvis fisken skal få den rette smaken og konsistensen, så tar det tid. Dette er et håndverk, som vi er stolte av, og bruker bare lokale, rene og naturlige ingredienser. Vår belønning er førsteklasses kvalitet, sier Petter Aune."

Han setter sin ære i å lage den beste røkelaksen. Alt gjøres på gamlemåten. Fisken røykes med nyplukkede einer og her tar det den tiden det tar å lage skikkelig, god røykelaks. Drågen Smokehouse er også økologisk godkjent.

Petter Aune og Liv Kristin, petteaun@online.no, 958 64 425 (P) 996 90871 (LK)

Smia Fiskerestaurant og Mætt & Og Eteri og Landhandleri

Smia Fiskerestaurant har allereide gjort seg gjeldande som eit kjøkken som serverer mat med høg kvalitet og god smak. Her får du god, norsk mat, og inspirasjonen kjem frå mors og bestemors kjøkken.

- "Vi serverer god norsk mat. Inspirasjonen er hentet fra mors og bestemors kjøkken. Smakene er rene og tydelige. Vi bruker aldri mer enn 4 ingredienser i sausene. Kun salt, pepper, sukker og syre som smaksforsterkere."

I nærheten ligger også Mætt & Go Eteri og Landhandleri, som åpnet i 2016.

Stian og Olav, som driver stedet vil jobbe som kokker på Norge sin stand på Grüne Woche.

Stian Røsand, post@smia.no, 917 33 244

Kami Skotholmen

 Kami Skotholmen

På ein holme, heilt i sjøkanten, eit godt «steinkast» fra Fosnavåg i nærheita av Ålesund, ligg det ein helt spesiell sjømatrestaurant. I ei sjøbu frå 1849, som har vore sildemottak og salteri, blir det  servert den beste og ferskaste sjømaten du kan tenke deg.

Her er det fokus på lokale råvarer, helst frå sjøen og storhavet like utanfor.

Kjøkkensjef, Magnus Bergseth, vil arbeide som kokk på Fjord Norge sin stand.

Magnus Bergseth, magnus@skotholmen.no, 404 57 483

Romsdalsgårdene

Romsdalsgårdene

Romsdalsgårdene er eit glimrande eksempel på aktørar som går saman for å profilere seg. Landbruksbasert reiseliv breier om seg, og det er ofte lettare å få oppmerksomheit dersom fleire gjer noko i lag. På ein av Romsdalsgårdene, som alle er gardar, kan veifarande få både overnatting og gode opplevingar i form av god mat, drikke og aktivitetar - alt i storslagen natur. Som perler på en snor ligg dei alle i Rauma kommune.

Dette er gardar i ordinær drift, og for mange kan det vere ei oppleving i seg sjølv. Nærheita til naturen og gode råvarer gir gode matopplevingar frå det norske tradisjonskjøkkenet. Fleire av gardane tilbyr også aktivitetar på garden og i naturen rundt. Her er det blant anna fjellguiding, hagevandring, fjordfiske, vinsmaking, gårdsbutikk, gardsdrift og laksefiske.

Guttorm Furmyr,  guttorm@woldstadgard.no, 926 09 534

Fakta om Grüne Woche 2018

Fakta

  • Internasjonale Grüne Woche 2018 (IGW) blir arrangert i Berlin 19. – 28. januar 2018. Dette er 83. gongen.  IGW er ei av verdas største messer for mat, gartneri og landbruk.
  • På nasjonale standar blir matkultur frå nærare 60 land presentert. Totalt deltar over 1,600 utstillarar med over 100,000 produkt frå heile verda. Det er venta rundt 450 000 besøkande.
  • Norge deltek på messa for 31. gong i 2018.
  • I 2018 vil det vere rundt 60 utstillarar frå tre regionar i Norge. Fjord Norge, Trøndelag og FjellNorge representerer i år norsk matkultur og reiseliv i Berlin.
  • Regionane har utarbeidd eigne menyar, og vil servere lokale delikatesser og smaksprøver til matinteresserte frå heile verda.
  • Innovasjon Norge, i samarbeid med den norske ambassaden i Berlin er ansvarleg for den norske deltakinga under IGW, på oppdrag fra Landbruks- og matdepartementet.
  • Den norske deltakinga på Grüne Woche skal bygge Norge som mat- og reiselivsnasjon. Målet er å styrke regional matkultur gjennom nettverksbygging, innovasjon og produktutvikling

Kontaktinformasjon:

Aud Lindset Drågen, rådgiver hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal, fmmraudr@fylkesmannen.no,

Telefon: 71258573, Mobil: 908 65 459