Stor interesse for utgreiingstiltak
Det er stor interesse for gjennomføre utgreiings- og tilreteleggingstiltak i fylket. I 2018 vart det søkt om midlar til gjennomføring av over 20 nye tiltak.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Både forskningsinstitusjonar, kommunar og lag/organisasjonar har søkt om tilskot til å gjennomføre ulike tiltak. I tillegg er det fleirårige prosjekt frå tidlegare år, som også skal få tilskot innafor den samla ramma Fylkesmannen har til rådvelde. Samla tilskotsbeløp overstig tilgjengeleg ramme.
Det er inspirerande at interessa er så stor med mange gode prosjekt, men det vert krevjande å prioritere. Fylkesmannen er i gang med å gå gjennom søknadene, og vi håpar å kunne gje svar til alle i løpet av mai månad.
Tilskotsmidlar til utgreiings- og tilretteleggingstiltak vert løyvde over jordbruksavtalen, og Fylkesmannen i Møre og Romsdal har i 2018 fått tildelt ei ramme på 3,53 mill kroner. Midla skal bidra til auka matproduksjon, utvikling og modernisering av det tradisjonelle landbruket, samt utvikling av andre landbruksbaserte næringar. Støtte til utvikling av økologisk landbruk kan inngå som ein del av tilretteleggingstiltaka.