Stipend for å fremme smart bruk av tre i Møre og Romsdal.
Stipendet skal stimulere til samarbeid mellom studentar, utdanningsinstitusjonar, industri/næring, InnovasjonsTre og Tredriveren i Møre og Romsdal. Ordninga er open for alle studentar med fag som er av interesse for treforedling- og byggebransjen i Møre og Romsdal.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Kravet er at studentane skal skrive ei studiepoenggjevande oppgåve saman med ei bedrift frå Møre og Romsdal, med aktivitet innan verdiskaping ved bruk av tre.
Stipendet skal skape møteplassar mellom industri og studentar, der idear skal få ein sjanse til å bli utprøvde og utvikla.
Samarbeidet er i seg sjølv eit mål. Det kan gje kompetanseheving i bedriftene, stimulere til innovasjon, legge til rette for rekruttering til bransjen og regionen, og gi motivasjon til studentar innan relevante fagområde.
Mål med stipendordninga:
- Kompetanseheving
- Innovasjon
- Rekruttering
Kva:
Stipendet er på kr 30 000 pr prosjekt, og er tenkt å kunne dekke reise og opphald for studentar ved bedriftsbesøk i samband med oppgåva.
Kven kan søke:
Studentar kan søke saman med bedrifter i Møre og Romsdal, som arbeider med å utvikle smarte løysingar for bruk av tre, trebasert industri/bedrifter i Møre og Romsdal. Studentane skal vere knytte til eit studieprogram på bachelor eller master innan eit relevant fagområde. Prosjektideen må vere godkjent av ein rettleiar, oppgåva må gi studiepoeng og kunne inngå i ein grad.
Korleis:
Sende inn utfylt søknadsskjema til Tredriveren, Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Løpande frist.
Vi ynskjer at studentane skal kunne presentere oppgåvene deira når dei er sensurerte. Det skal leggast fram eit enkelt rekneskap og timelister over eigeninnsats.
Kontaktperson for ordninga:
Christina Qvam Heggertveit, Tredriver i Møre og Romsdal
Dir: 71258572
E-post: fmmrchhe@fylkesmannen.no
Magne Løfaldli, SIV Inkubator AS, InnovasjonsTre
Dir: 97571356
E-post: magnel@sivas.no, http://siv-inkubator.no/bedriftsnettverk/innovasjonstre/