Kan naturmaterial verke positivt på helsa?

Frå venstre: Christina Qvam Heggertveit, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Tomas Nord, Rise, Anders Qvale Nyrud, NMBU, Bror Sundqvist, Luleå Tekniska Universitet, Bjarte Bye Løfaldli, Helseinnovasjonssenteret, Hilde Widerøe Wibe, Norske trevarer, Jørgen Tycho, Oslotre. Foto: Ragna B. Bjerkeset.

Det finst fleire teoriar om korleis naturmaterial kan verke positivt på folk si helse. Tredrivaren i Møre og Romsdal har tatt initiativ til eit tverrfagleg nordisk nettverk for å undersøke teoriane.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.01.2023

Teoriane om materialval og helse, er i stor grad aksepterte, men dei er ikkje verifiserte eller testa skikkeleg. Det nye nordiske nettverket for helse og materialval vil gjere noko med dette.

– Arbeidet starta med kick-off hos Protomore i september. Det tverrfagele nettverket har kompetanse frå ulike fagområde som arkitektur, treteknologi, neurobiologi og forretningsmodellar, fortel tredrivar og fylkesskogmeister Christina Qvam Heggertveit.

Vil vere positivt for menneske og for treindustrien

Ho meiner at ny kunnskap kan påverke korleis vi brukar material og korleis vi planlegg og brukar bygg.

– Dersom det kan dokumenterast at naturmaterial har ein positiv effekt for brukarar av rom og av bygg, så vil det føre til ei endring i bransjen. Dette vil gi positive effektar for oss menneske som brukarar bygga. For verdikjeda til tre, tømmer og andre naturmaterial vil dette også vere positivt, seier Qvam Heggertveit.

Samarbeid med forskingsmiljø i Sverige

Nettverket skal undersøke spørsmål som har betydning for helse, berekraft og verdiskaping, den sokalla «triple botnlinja».

– Undersøkingane blir komplimenterande til andre undersøkingar, som til dømes pilotstudien ved ein ortopedisk klinikk i Skellefteå i Sverige «Wood panelling in patient room» som løpar no.  Her vil dei undersøke om pasientar blir fortare friske om dei er i sjukehusrom med trematerial, slik tidlegare norske studiar kan tyde på. Dette er eit samarbeid mellom Svenskt Trä, Linköpings universitet, Luleå tekniska universitet.  Les meir om studien her:

God helse og livskvalitet

Forskinga vil også vere eit bidrag i retning av å nå fleire av FN sine berekraftmål:

  • god helse og livskvalitet
  • industri, innovasjon og infrastruktur
  • berekraftige byer og lokalsamfunn
  • ansvarleg forbruk og produksjon
  • stoppe klimaendringane
  • livet på land
  • samarbeide for å nå måla

 

imageta48o.png

Bror Sundkvist frå Luleå Tekniska Universitet og Ragna B. Bjerkeset, prosessleiar ved Protomore. Protomore fasiliterte oppstart av det nordiske nettverket.

Foto: Christina Qvam Heggertveit. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.