Garden som ressurs

Bilete frå samlinga i Sunndal.
Godt oppmøte ved samtlige gjennomføringar av «Garden som ressurs». Her fra Sunndal. Eplegründer Silje Osnes held innlegg om sin siderproduksjon og livet som sjølvstendig næringsdrivande. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal/Marie Teigland.

I løpet av 2024 er det gjennomført mobiliseringsmøter for alle som går med tankar om å utvikle eigne gårdsbruk. Lokale hoppid.no-kontor har stått som arrangør ilag med landbrukskontora og lokale krefter. Tiltaket kom i stand etter initiativ  frå  det regionale hoppid-samarbeidet mellom Fylkeskommunen, Statsforvalter og Innovasjon Norge.

Publisert 17.06.2024

Stort oppmøte

Totalt 9 møte er gjennomført så langt i vår, seier May Britt Roald, hoppid.no-koordinator i Møre og Romsdal Fylkeskommune. Vi er positivt overraska over kor mange som har delteke på desse møta. Det er heilt tydeleg at mange går med tankar, idear og spørsmål om kva grep ein kan gjere for å ivareta gardane sine. Kanskje på ein litt ny og annleis måte enn før?

Bilete frå samlinga i Rauma, som viser at det kom mange folk.
Fullt hus på første samlinga i Rauma. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romdal/Marie Teigland.

Nedlagte bruk og bruk i generasjonsskifte

Over 200 menneske har funne vegen til eit møte om «Gården som ressurs» i sitt nærområde. Det er folk med ulik bakgrunn og ulik motivasjon som har møtt opp. Dei fleste  eig eller er knytta til eit nedlagt  bruk eller eit gardsbruk med noko aktiv drift -då gjerne i prosess for generasjonsskifte. Også aktive bruk som ønskjer påfyll av inspirasjon og innspel til korleis jobbe vidare med sine prosjekt har deltatt.

Møter mellom menneske som ønskjer å gjere noko utanom det «vanlege»

Målet med møta er at folk skal treffast for å sjå at det er andre i eige nærområde som er opptatt av det same, og å få dei til å dele ideane sine med kvarandre. Samtidig får ein oversikt over kva som finns av støtteapparat innanfor landbruk. Vi har hatt naboar som har snakka ilag for første gong på mobiliseringsmøte.

-Det er både kjekt og interessant å kjenne på energien som ligg i rommet når mange møtast på denne måten, seier Marie Teigland  hjå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, som har vore med på 7 av møta som representant for fylket si hoppid-satsing.

Det er også veldig fint å sjå kor godt hoppid-ordninga fungerer på lokalt nivå, seier Teigland. Mange av gardsgründerane tenkjer ikkje på seg sjølv som gründer -og dei kan då fort gå glipp av moglegheiter som veiledning og etableringsstøtte gjennom hoppid.no. Eg håpar og trur at møta som har vore gjennomført i vår fører til at fleire potensielle gardsgründerar har kome i kontakt med ein hoppid-rådgivar og med andre gründarar i sitt nærområde.

Bilete frå samlinga i Vanylven.
Hoppid.no og deira tenester har vore tema på alle gjennomføringane. Her frå Vanylven. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal/Marie Teigland.

Oppfølging

I løpet av sommaren og hausten skal alle hoppid-kontor som har gjennomført eit «Garden som ressurs»-møte ha ein-til-ein oppfølging med dei deltakarane som ønskjer det, og det skal gjennomførast lokale oppfølgingssamlingar. Følgjande kommunar har gjennomført eit første møte om «Garden som ressurs»: Sykkylven, Åndalsnes, Tingvoll, Vanylven, Averøya, Stranda, Sunndal, Surnadal og Aure. Sannsynligvis vert det også mobiliseringsmøter i Valldal og i Ørsta/Volda etter kvart.

Bilete frå samlinga i Sykkylven.
Inspirasjonsinnlegg frå aktørar som har gått opp ein eigen sti gir inspirasjon. På biletet er Janet Roelofs som eig og driv lokalmatsbutikken «Stolt Mat» på Sjøholt. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal/Marie Teigland.

Om du ikkje fekk med deg første møte i ditt nærområde så fortvil ikkje; det er mogleg å vere med på neste runde likevell! Her vil det variere litt korleis dei ulike hoppidkontora løyser oppdraget, men det ryktast om studietur, kurs, temasamlingar og meir til.