Meir offensive framtidshaldningar på Nordmøre
Prosjektet «Mjølkas framtid på Nordmøre» har foregått i perioden 2011 -2014, og har skapt meir offensive haldninger og aktive val hos melkeprodusentane. Dette er eit av punkta i konklusjonen etter endt prosjekt.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Aure, Halsa, Surnadal og Rindal var med i prosjektet. Dette kom i stand etter initiativ frå Fylkesmannen si landbruksavdeling i Møre og Romsdal og TINE SA, region Midt-Norge, og TINE SA, region Midt-Norge, som starta eit 3-årig prosjekt i 2011, for å auke trua på framtida og vidareutvikle eksisterande melkeproduksjon, særlig familiebruk.
Konklusjonen etter prosjektet kan oppsummast slik:
- Meir offensive haldningar og aktive val hos melkeprodusentane.
- Tilbudet har vore godt utnytta – di meir tid og oppfølging – di meir fornøgd.
- Eit prosjekt stoppar ikkje avviklingsbruka.
- Positiv effekt og utvikling også av rådgjevarane som var involverte.
Bakgrunnen for at prosjektet vart starta, var ei erkjenning av at mjuølkeproduksjonen er den viktigaste produksjonen på Nordmøre. Det var dessutan otte for utviklinga sv mjølkeproduksjonen i fylket.
Alle dei 192 leverandørane i kommunane fekk tilbod om rådgjevingsbesøk med avklaring av behov. 185 takka ja til dette. Dette første besøket skulle munne ut i ei avklaring om brukarfamilien ville gå vidare i prosjektet med strategisk rådgjeving og anna oppfølging. Heile 60,5 % gjennomførte også den delen av prosjektet, noko som er over all forventning. Mange har sett inn tiltak som vil styrke framtida deira som mjølkeprodusentar.
Det systematisk brukartilpassa rådgjevingsopplegget har blitt vidareutvikla og brukt elles i landet.
Prosjektorganiseringa gjer at vi kjem i inngrep hos fleire bruk enn normalt.
Dei målbare måla som vart sette ved starten av prosjektet er stort sett oppnådde.
Last ned rapporten, og les meir om det som kom ut av prosjektet.
Dokumenter
Aktuelt
I januar 2014 hadde ca 868 mjølkeprodusentar i fylket 21427 mjølkekyr.
I januar 2004 hadde 1681 mjølkeprodusentar i fylket 27392 mjølkekyr
I 2004 hadde kvar enkelt bonde i gjenomsnitt 16,3 mjølkekyr, i 2014 24,7
I 2005 vart det lever 150,2 mill liter mjølk i fylket, i 2013 145,8 mill, dvs 5483 liter per ku i 2005 og 6805 liter per ku i 2013