Ulike utgangspunkt og forventningar i mjølkeprosjekt

Mjølkeprodusentar og kvoteeigarar i Rauma, Molde og Nesset hadde ulike utgangspunkt og ulike forventningar til å vere med i eit spesialisert prosjekt om styrka mjølkeproduksjon, som TINE har gjennomført. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 27.11.2019

Samandrag

Prosjektet «Styrket mjølkeproduksjon i Molde og Rauma» har gått i kommunane Molde og Rauma i perioden 2015-2018. I Molde har aktiviteten i prosjektet gått hausten 2015- 2016. Rauma-delen av prosjektet starta vinteren 2016, og var i stor grad fullført før sommaren 2017. For å komme litt lenger i prosess hos fleire av deltakarane som trengte mer tid, valde TINE å utvide prosjektperioden til og med april 2018. Frå desember 2017 vart også prosjektet utvida til å omfatte Nesset kommune. Arbeidet i Nesset har gått helt frem til sommaren 2019.

Målet med prosjektet har først og fremst vore at brukarfamiliane i dei utvalde kommunane gjennom strategiarbeid og påfølgjande tiltak skulle få meir offensiv haldning til eiga framtid. Alle mjølkeprodusentar og kvoteeigarar i dei tre kommunane har fått prosjektfinansiert tilbod om to rådgivingsbesøk; eitt vegvalsbesøk og eitt strategibesøk. Det er i tillegg gjort forsøk på å nå interessentar utafor næringa, som kunne tenke seg å starte opp med mjølkeproduksjon.

Ulike utgangspunkt og forventningar

I Rauma er det fleire som er passive deltakarar i samdrift eller leiger ut kvoten sin.

I Molde er produsentmiljøet noko mindre, og dei fleste kvoteeigarane produserer sjølve mjølk.

Nesset  var den siste kommunen som kom med i prosjektet. Smitteeffekt og erfaringar frå dei to andre kommunane hadde påverknad i Nesset. Produsentmiljøet  der hadde gått gjennom ei strukturrasjonalisering, slik at der var færre og større einingar.

Ulik bruksstruktur og storleik påverka også forventningane.

Janne Marlene Mork og Lisbeth Valle i TINE har vore prosjektleiarar.

Innhald

Gjennom prosjektet har det blitt arbeidd målretta med analyse av eigne ressursar, slik som bygningar, driftsmateriale og eigen situasjon, og vurdering av kostbare krav til fornying av driftsapparat. Siktemålet var å komme fram til ei konkret avklaring og langsiktig målsetting for framtidig drift og for familien.

Resultat

Nokre plassar har det blitt generasjonsskifte og oppstarting av nedlagd mjølkeproduksjon. Ein plass vart det starta ny mjølkeproduksjon. Fleire konklusjonar er lista opp i den fyldige rapporten, som du finn som vedlegg til denne artikkelen. Les meir om prosjektet i rapporten.

Bakgrunn

Etter initiativ frå Fylkesmannens landbruksavdeling i Møre og Romsdal, har TINE Rådgiving tidlegare gjennomført to 3-årige prosjekt (2008-2014), for å vidareutvikle mjølkeproduksjonsbruka i definerte kommunar i Møre og Romsdal. I 2018 vart «Vegval med mjølk- og kjøtproduksjon i Ørsta og Volda» sluttført, og «Sunnmørsprosjektet» er i gang. Fylkesmennene i Sør- og Nord-Trøndelag har også bedt TINE om tilsvarande utviklingsprosjekt, og i Sør-Trøndelag blir prosjektet gjennomført i alle kommunar. Prosjekta har blitt finansierte i hovudsak av det offentlege (fylke/kommunar), men med en monaleg eigenfinansiering frå TINE.

Noko av bakgrunnen for desse prosjekta er dei mange utfordringane mjølkeprodusentane i Møre og Romsdal står overfor, med omfattande strukturendringar i næringa. Driftsapparatet på mange mjølkebruk må fornyast, og byggekostnadene har hatt større auke enn inntektssida i produksjonen. Teknologisk utvikling har ført til minka kostnader per liter mjølk.

Sluttrapport

Rapporten frå prosjektet inneheld mykje interessant lesing, både om innhald, gjennomføring og evaluering, og den viser ei god oversikt over produksjonsutviklinga i kommunane.