Mange søkjer via internett
I alt har gardbrukarane dagen før søknadsfristen levert 1074 søknader via det nye søknads- og behandlingssystemet for Regionale miljøtilskot på internett. I tillegg har det blitt starta registrering av 209 søknader til. Tysdag 27.08. går søknadsfristen ut.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
I 2012 vart det utbetalt tilskot til 1330 søkjarar. Dagen før søknadsfristen har nesten like mange registrert søknaden sin via internett, enten på eiga hand eller med hjelp frå kommunen, noko som er svært positivt. Den største utfordringa for mange har truleg vore å teikne inn tiltaka i kartet, og nokre har opplevd vanskar med pålogging og tilgang til søknadsskjema.
Skulle nokon oppleve vanskar med pålogging eller tilgang til skjemaet, må dette takast opp med Altinn.no, telefon 7500600. Andre utfordringar, t.d. vanskar med å teikne i kartet, kan kommunen hjelpe til med.
Søknadsfristen var opprinneleg sett til 20.08., men så utsett ei veke til 27.08. Årsaka var at mange søkjarar opplevde vanskar med pålogging via altinn.no og tregheit i systemet, slik at det var uråd å få levert søknaden i tide.
eStil (elektronisk søknadsbehandling av tilskot i landbruket) heiter det nye systemet, som vart sett i drift frå inneverande søknadsomgang. Systemet er utvikla av Statens Landbruksforvaltning, og distribuert gjennom nettlesaren. Fylkesmenn og kommunar har delteke i testing. Den viktigaste nyvinninga er at søkjarane sjølve kan fylle ut søknaden heime i stova. Forvaltninga brukar det same systemet til å behandle søknadene, og berekning og utbetaling av tilskot vil også skje med dette systemet.
Det skal også brukast av beitelag, som organiserer beiting i utmark og vil søkje tilskot til drift av beitelag. Søknadsfristen for desse er 1. november.