Investeringar i landbruket: Kan løyve 2017-midlar i år
Landbruks- og matdepartementet har opna for at Innovasjon Norge kan løyve investerings- og bedriftsutviklingsmidlar frå neste års ramme i haust. I samband med dette har fylkesmannen gjort nokre endringar i Regionalt næringsprogram.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 13.10.2016
Dette programmet legg føringar for korleis verkemidla skal forvaltast. Endringane som er gjort er:
- Det kan gjevast investeringstilskott med inntil 33 prosent (tidlegare 20 prosent) av godkjend kostnadsoverslag. Tilskottet er avgrensa oppover til kr 1 500 000
- Investeringar i samband med generasjonsskifte: Søkjarar under 35 år kan få inntil 50 prosent tilskott (tidlegare 40 prosent) til tiltak knytt til eksisterande bygningsmasse. Dette gjeld dei første fem åra etter overtakinga. Kostnadsgrensa er kr 1 500 000
- Innovasjon Norge skal ikkje finansiere båsfjøsar for mjølkeproduksjon på ku
- Innovasjon Norge skal ikkje finansiere nyetableringar for sau eller planlagt produksjonsauke på meir enn 25 prosent
- Søknader for å etablere eller utvide økologisk produksjon skal under elles like forhold prioriterast framfor konvensjonelt