Landbruksmelding for Møre og Romsdal 2017-2021 vedteken
Landbruksmeldinga er retningsgjevande for utviklinga av landbruket på regionalt nivå, og skal bidra til å styrke landbruket og landbruksbasert næringsutvikling i fylket. Meldinga dekkjer breidda i landbruksnæringa, med ambisjonar og tiltak for kvart innsatsområde. Den overordna målsetjinga er at Møre og Romsdal skal ha eit berekraftig og aktivt landbruk over heile fylket.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 26.06.2017
Den nye meldinga er eit fellesdokument for både jord- og skogbruk, med fem delmål:
- Auka verdiskaping skal baserast på berekraftig og meir bruk av lokale ressursar
- Landbruket skal ha ein viktig plass i den nye grøne økonomien
- Landbruket skal ta miljø – og klimaansvar
- Landbruket skal halde ved like og utvikle godt omdømme
- Landbruket skal stå fram som ein attraktiv arbeidsplass
Landbruksmeldinga og vedtaket i Fylkestinget finn du som vedlegg i høgre marg.
Kontaktpersoner
-
Frank Madsøy
Tlf: 71 25 84 03 / 97 17 14 93