Tiltak for å hindre spreiing av fugleinfluensa
Det er nyleg påvist fugleinfluensa hos parkfuglar i Kristiansund. Mattilsynet har innført ei rekke restriksjonar i eit område rundt fugleholdet for å hindre vidare smittespreiing.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Om sjukdommen
Sterkt sjukdomsframkallande (høgpatogen) fugleinfluensa blei påvist i Norge for første gong i 2020. Fugleinfluensa er svært smittsam mellom fuglar, og fører som regel til alvorleg sjukdom og død. Den kan i sjeldne tilfelle smitte til andre dyreartar. Risiko for smitte til menneske blir rekna som svært låg.
Tiltak i og rundt Kristiansund
I april blei det påvist fugleinfluensa hos parkfuglar i parken `Vanndamman` i Kristiansund sentrum. Dette er første gang fugleinfluensa er påvist på tamme fuglar i Møre og Romsdal. Mattilsynet har oppretta ei vernesone (3 km) og ei overvakingssone (10 km) rundt utbrotet. I sonene gjeld ei rekke forbod og restriksjonar, som har betydning for alle som driv dyrehald med fuglar. Reglane gjeld mellom anna flytting av fuglar, egg og gjødsel. Vidare er det forbod mot utstillingar, arrangement og andre samlingar av fuglar. I tillegg skal alle fuglar haldast innandørs, eventuelt utandørs under tett tak. Reglane gjeld alle typar fjørfehald. På Mattilsynet si nettside finn du informasjon om kva reglar som gjeld for deg og dine fuglar.
Obligatorisk registrering av fjørfehald
Alle som har fjørfehald (t.d. høner, ender, duer) skal registrere det hos Mattilsynet. Dette er viktig for den generelle sjukdomsberedskapen. Kravet til registrering gjeld heile tida, uavhengig av fugleinfluensaen.
Meld frå til Mattilsynet om døde og/eller sjuke fuglar
Alle må melde frå til Mattilsynet når ein oppdagar fugl med symptom på fugleinfluensa. Du kan kontakte Mattilsynet på telefon 22 40 00 00.