Oppdater føretaket si postadresse
Det er i føretaket si interesse at postadressa er oppdatert til ei kvar tid. Elles kjem posten ikkje fram. Føretaket må sjølv oppdatere postadressa.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Når postsendingar har mangelfull eller feil adresse, vil Posten returnere sendinga til oppgitt avsendar, med melding om å oppdatere postadressa.
Posten blir sterkt forseinka, eller når ikkje fram i det heile. Dette kan i verste fall føre til økonomiske tap for føretaka. Det krev også ekstra arbeid å finne tak i korrekt adresse, og det kostar ekstra porto.
Fylkesmannen oppmodar derfor alle føretaka til å halde postadressa til føretaket oppdatert.
I Posten sine generelle retningslinjer står det at avsendaren er ansvarleg for at riktig postadresse er påført sendinga og tydeleg, men føretaket har sjølv ansvaret for å halde ved like postadressa si. Landbruksforvaltinga og andre brukar adressa i Einingsregisteret til å sende informasjon til føretaka, så det er viktig at adressa er korrekt.
Rundt om i fylket skjer det omfattande arbeid med etablering av gateadresser i alle kommunar. Når gatenamna er på plass, vert folkeregisteret oppdatert med riktig gateadresse for innbyggarane. Føretaka har eigen postadresse registrert i Einingsregisteret, og den må føretaka halde ved like sjølve, både etter flytting og etter oppretting av gateadresse.
Kvar gong Fylkesmannen i Møre og Romsdal sender ut informasjon til landbruksføretaka i fylket, kjem ei rekkje sendingar i retur, fordi påført adresse er feil eller mangelfull. Dette kan vi unngå, dersom føretaka held ved like postadressa si.
Slik oppdaterer du føretaket si postadresse.
Adresseendring kan sendast på papir eller elektronisk via Altinn.no. Den absolutt mest effektive metoden er via Altinn.no. Då vert endringa registrert raskast.
- Samordnet registermelding - registrering av nye og endring av eksisterende foretak og enheter vert brukt både til å registrere nye føretak og til å endre opplysningar vedkommande eksisterande føretak. Klikk her for å komme til skjemaet.
- Klikk på skjemalinken, og logg inn på Altinn.
- Skjemaet blir no lasta, og du blir bedt om å velje kva du vil gjere. Viss du vil endre adresse, klikkar du "Endre eller legge til nye opplysninger", og klikk Neste.
- Skriv inn organisasjonsnummeret til føretaket du vil endre adressa for, og klikk Hent
- Skjemaet viser no dei registrerte opplysningane om føretaket. Klikk Neste
- Skjemaet gjev deg no høve til å velje kva opplysningar du vil endre. Dersom du vil endre forretningsadresse, og postadresse, markerer du for desse to alternativa. Du kan endre så mange opplysningar du vil i den same innsendinga. Klikk Neste
- Dersom du markerte for å endre postadresse, vil du nå få skjema for å fylle inn postadresse. Der er ein knapp for å hente registrerte opplysningar, og så kan du korrigere det som er feil. Klikk Neste.
- Dersom du har markert for fleire endringar, vil du kunne oppdatere desse etter tur på omlag same måte som for adresse.
- Til slutt sender du inn skjemaet.
Etter få dagar vil du få tilbakemelding i meldingsboksen i Altinn om resultatet, og du vil få tilsendt ny firmaattest.
Det er ein likefram operasjon å utføre dette. Mange tenkjer nok ikkje over at det må gjerast, men det er viktig for føretaket at det blir gjort.
Kontaktpersoner
Produksjonstilskot - nytt system frå 2017
Nytt system for søknad om produksjonstilskot frå 2017.