Glimrande gran på Nordvestlandet
Grana på Nordvestlandet har svært gode eigenskapar, betre enn grana på Østlandet og i Trøndelag. Dette viser ein råvareanalyse for områda nord for Sognefjorden til og med Møre og Romsdal fylke.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Prosjektet Tredrivaren i Møre og Romsdal har i samarbeid med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane utført ein råvareanalyse for gran i områda nord for Sognefjorden til og med Møre og Romsdal fylke. Arbeidet er utført av Silvinova AS og Silvi Forum AS. Analysen har sett nærare på dei ulike virkeskvalitetane og foreslått produkt som grana er eigna til. Resultata viser at grana har gode virkeseigenskapar og eit stort bruksområde. Den har god styrke, gode fibereigenskaper, høg mengde friskkvist, mindre kvistdiameter, lang kvistkransavstand, god stammeform, og omtrent ingen kvaelommer og rotråte.
På Nordvestlandet ble store areal tilplanta med gran på 1950- og 60-talet. Denne skogen begynner no å bli hogstmoden. Vekstforholda er gode og fleire bestand i analysen har ein volummasse på over 70 fm3 dekar. Råvareanalysen er eit viktig grunnlagsdokument for å etablere strategiar for kva grana skal nyttast til. Skal den eksporterast ut av regionen, eller skal deler av volumet foredlast internt?
Analysen er finansiert av Innovasjon Norge og Fylkesmannsembeta i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Rapporten ligg som vedlegg.