Skogåret 2020 – mykje hogst og utfordring i planting

Hogsten av skog skjer no i heile fylket, i motsetning til tidlegare då indre Nordmøre stod for aktiviteten.
Hogsten av skog skjer no i heile fylket, i motsetning til tidlegare då indre Nordmøre stod for aktiviteten. Foto: Åsmund Asper.

Hogst av skog heldt eit høgt nivå i Møre og Romsdal i 2020. Samstundes er det utfordringer i nyplanting og ungskogpleie.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.02.2021

Det blei avverka rundt 275 000 m3 skogvirke i Møre og Romsdal i 2020. Det er om lag på same nivå som dei siste fem åra. For 10 år sidan var hogstvolumet berre ein tredjedel.

I 2020 blei 7000 daa skog gjødsla med helikopter. Dette har ikkje har skjedd på fleire tiår. Generelt har skogbruksaktiviteten i fylket vore aukande dei siste åra.

Hogst i heile fylket

I 2020 blei det hogd mest i Surnadal. Ørsta, Stranda og Volda kommunar følgjer på dei neste plassane. Dette viser at hogsten no skjer i heile fylket, i motsetning til tidlegare då indre Nordmøre stod for aktiviteten.

Rundt 90 prosent av det som er hogd, er gran. Haustinga av dei store plantefelta frå etterkrigsåra er godt i gong. Grantømmeret er av god kvalitet, og 65 prosent går til sagbruk, resten til papirindustri. Hovuddelen går ut av fylket med båt, enten til Trøndelag eller utlandet. Furuhogsten har ligge rundt 20-25 000 m3 dei siste åra. Sagtømmeret av furu vert foredla lokalt på mindre sagbruk i fylket.

Bruttoverdien på tømmeret ligg i underkant av 100 millionar kroner. Ved vidareforedling i Noreg gir dette stor samfunnsøkonomisk verdi.

Utfordrande å plante ny skog

Det blei planta til att i underkant av 4000 daa i 2020, omtrent som året før. Vi har store utfordringar knytt til å få opp att ny skog. Gransnutebilla gjer mest skade, i tillegg skaper hjort og konkurrerande vegetasjon problem. Ut frå hogsttala burde plantetalet vore høgare for å oppretthalde tilveksten i fylket.

Ungskogpleie er eit anna viktig tiltak for å halde oppe produksjonen i skogen. Aktiviteten har gått ned i Møre og Romsdal. God jord fører til mykje konkurrerande vegetasjon. Det kan føre til at småplanter blir konkurrert bort og går ut, eller at veksten blir hemma og at framtidsplantene får skader. Det er stort behov for ungskogpleie. Tiltak for å auke denne aktiviteten er viktig. 

Kommunane overtok mynde

Mynde til løyving av tilskotsmidlar til skogsveg og skogsdrift blei overført til kommunane i 2020. Fylkesvis løyving blei fordelt til kommunane av statsforvalteren. Tilskotsmidlane til skogsveg og drift var på 12,4 millionar kroner i 2020. Over halvparten av dette er løyvd til nye skogsvegprosjekt, noko som utgjer om lag 10 kilometer med ny veg.  Det er gitt driftsstøtte til framdrift av 38 900 m3 med taubane. I 2020 blei 8,5 kilometer skogsbilveg ferdiggodkjent for bruk. 

Binder CO2

Stortinget har sidan 2016 sett av eigne klimamidlar til skogbruket. Føremålet er å få auka skogproduksjon og dermed auke bindinga av CO2. Desse midlane vert gitt som tilskot til mellom anna tettare planting og skoggjødsling. I Møre og Romsdal har tilskotet til planting vore mykje brukt. I 2020 blei det i tillegg gjødsla om lag 7000 daa skog med helikopter. Det er i hovudsak eldre skog som vert gjødsla. Gjødsla «verkar» i om lag 10 år, og da skal skogen avverkast. Tilskotet og auka tilvekst gjer dette til eit tiltak med god lønsemd for skogeigarar.   

Regionreformen gjorde at vi «mista» to skogkommunar til Trøndelag, Halsa og Rindal. Tala for gjennomførte tiltak i skogen er likevel like store i 2020 som i 2019, noko som tyder på at aktiviteten i skogen er aukande.

Koronapandemien prega skogbruket i Noreg i 2020 med stor prisvariasjon og utfordringar rundt avsetning av tømmer.  I Møre og Romsdal har likevel dette hatt liten innverknad på aktiviteten.

Kontaktpersoner

Statsforvaltaren og skogbruk

Statsforvaltaren arbeider for den langsiktige forvaltninga av skog; at skogen skal bidra til lønnsam næringsverksemd. Evaluering, og å gjere opp status, er ein del av dette arbeidet.