Informasjonsbrev - veke 07/2023
- Ny versjon av ØKS
- Påminning: ØKS - Godkjenning av virkesopplysningar 2023 – 2
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Det er ikkje lenger mogleg å godkjenne refusjonskrav dersom det ikkje er registrert eit bankkontonr på skogeigar i ØKS og skogeigar er valt som betalingsmottakar. Det at eit bankkontnr manglar er eit problem når statsforvaltar skal utbetale skogfond og tilskot.
I ein overgangsfasen kan det føre til at enkelte skogeigarar må vente noko lengre på utbetaling av skogfond og tilskot, men det bør være eit grunnleggjande prinsipp i tilskotsforvaltninga at søkjar av tilskot gjev opp det bankkontnr dei ønskjer at tilskotet skal utbetalast til.
Dei som av ulike orsakar ikkje kan registrere bankkontonr sitt via Altinn, kan sende skriftleg signert førespurnad til Landbruksdirektoratet med informasjon om nytt bankkontonr. Landbruksdirktoratet må ha opplysningar om kontoeigar (navn, fødselsnr/orgnr, samt ei stadfesting frå banken på at kontonr tilhøyrar føretaket/personen. Med desse opplysningane kan dei registrere bankkontonr manuelt.
Ei slik skriftleg førespurnad sendast til:
Landbruksdirektoratet
Postboks 56
7701 Steinkjer
Kontaktperson: Åslaug Røberg
Påminning: ØKS - Godkjenning av virkesopplysningar 2023 – 2
Virkesopplysingar for periode 2023-2 er klar for kontroll og godkjenning i kommunane.
Frist for godkjenning er 24. Februar. Hugs eventuell fil med manuelt registrert virke.
Kontaktperson: Åslaug Røberg