Informasjonsbrev veke 08/2026
- Landbruksdirektoratet sin kunnskapskonferanse 12. mars
- Om avløysartilskot og innleige av avløysarar i jordbruket
- Tilskudd til miljøtiltak i skog 2026
Direktoratet sin digitale kunnskapskonferanse vert arrangert torsdag 12. mars kl 9 – kl 12.
For ei tid tilbake sendte Landbruk Nordvest ut eit informasjonsbrev til sine medlemar. I etterkant har det oppstått noko usikkerheit. Bakgrunnen er nye reglar for innleige av arbeidskraft og ei ny forskrift om innleige av avløysarar frå avløysarlag.
Dei nye reglane for innleige av arbeidskraft er ei innstramming av ein arbeidsgivar sitt høve til å tilsette arbeidstakarar på midlertidigig basis og til å leige inn personell frå verksemder som driv med utleige av personell (bemanningsføretak). Innstramminga har skjedd i form av endring i arbeidsmiljølova. Målet er å bygge opp om hovudregelen her i landet om at arbeidskraft skal vere fast tilsette.
For innleige av avløysarar frå avløysarlag gjeld eit unntak frå reglane i arbeidsmiljølova om innleige frå bemanningsføretak. Hensikta bak dette unntaket er at avløysarar i langt større grad kan ha utsikter til heile, faste stillingar som tilsett i eit avløysarlag enn hos den enkelte bonde.
For å kunne ha rett til avløysartilskot, krevst at det blir utført arbeidsoppgåver knytt til husdyr- eller planteproduksjon som det ikkje er uvanleg at jordbrukaren utfører sjølv. Dette gjeld uavhengig av om det er avløysar i avløysarlag, eigen tilsett eller om det er ei fakturert teneste. Endring i regelverket om innleige av arbeidskraft og nytt særregelverk om innleige av avløysarar i jordbruket har ingen direkte innverknad på avløysartilskotet.
Kontaktperson: Per Eldar Nakken
Sentral ramme for Tilskudd til miløtiltak i skog for 2026 er no lansert. Ordninga gjeld tilskot til tiltak som tek vare på og vidareutviklar miljøverdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminner i skog.
Tilskot vert belasta ei nasjonal ramme på 3 mill kroner.
Søknadane vert fortløpande behandla i kommunane.
Ein kan lese meir om ordninga her: Tilskudd til miljøtiltak i skog
Ei nærare orientering kring forvaltning av ordninga ligg her: Tilskudd til miljøtiltak i skog - nasjonal ramme og saksbehandling
Kontakperson: Odd Løset