Informasjonsbrev veke 12/20233

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Kven fortener kulturlandskapsprisen 2023? 
  • WEBINAR – Regionale miljøprogram (RMP) > 28.mars kl 10-11
  • WEBINAR – Risikobasert kontrollplan > 30.mars kl 10- 11:30

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.03.2023

Kven fortener kulturlandskapsprisen 2023? 

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal deler årleg ut ein kulturlandskapspris. Prisen blir gitt til den eller dei som gjer ein særskild innsats for å ta vare på verdiane og utvikle moglegheitene i kulturlandskapet. 

Vi oppfordrar spesielt landbruksforvaltninga i kommunane til og med forslag på kandidatar.  

Meir informasjon om prisen og lenke til forslagsskjema finn du her  

Kontaktperson: Ragnhild Naug Aas  

 
WEBINAR – Regionale miljøprogram (RMP) > 28.mars kl 10-11 

Info om nytt regionalt miljøprogram 2023-2026 og gjennomgang av søknadsåret 2023. 
Gje oss tilbakemelding om det er tema de lurer på. Det er kanskje fleir som lurer på det same! 
 
Det er blitt sendt ut invitasjon per epost. Ta kontakt om du ikkje har fått meldt deg på! 

Kontaktperson: Andreas lilleheier Aarset 

 
WEBINAR – Risikobasert kontrollplan > 30.mars kl 10- 11:30 

Statsforvaltaren har sendt ut brev om dokumentkontroll i 2023 av kommunens kontrollplaner.  
Dette gjeld blant anna produksjonstilskot (PT) og regionale miljøprogram (RMP). 
Webinaret tar for deg regelverk, vurderingar og eksempel på ei kontrollplan.  
 
Det er blitt sendt ut invitasjon per epost. Ta kontakt om du ikkje har fått meldt deg på! 

Kontaktperson: Andreas lilleheier Aarset