Informasjonsbrev veke 14/2025
- Fylkesnytt frå Møre og Romsdal
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 02.04.2025
På oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet skriv Statsforvaltaren to gonger for året eit Fylkesnytt frå Møre og Romsdal, som vert publisert på regjeringa sine nettsider. Årets fyrste utgåve er publisert, og kan lesast her.
Vi har skrive om Lokalmatprosjektet i Møre og Romsdal, lita interesse for skogbruksplanar i skogreisingskommunen Ørsta, jordkartlegging i Hustadvika kommune, NIBIO si kartlegging av husdyrbeite i verdsarvområdet Geiranger og store tap av lam i fylket.
Eit tips: Dersom du ikkje allereie abonnerer på nyheitsbrev frå regjeringa, kan du melde deg på her.
Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger