Informasjonsbrev veke 15/2023

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Tilskot til kommunal jordvernstrategi - søknadsfrist 31. mai 
  • Kommunen kan vedta utvida bandtvang 
  • Kurs i bruk av overskotsmassar til nydyrking 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 13.04.2023

Tilskot til kommunal jordvernstrategi - søknadsfrist 31. mai 

Alle kommunar kan søkje midlar frå landbruksdirektoratet til å utarbeide eigne jordvernstrategiar. Føremålet med kommunale jordvernstrategiar er auka kunnskap om jordbruksareala våre og auka merksemd kring jordvernet i planprosessar. Målet med strategien er å minske omdispoeringa av dyrka og dyrkbar jord i kommunen. For 2023 vil følgjande søknader prioriterast: 

  • Kommunar med stort utbyggingspress på jordbruksareal 
  • Kommunar som snart skal rullere kommuneplanen 

Søknadsfristen er 31. mai.   

Meir informasjon og søknadskjema finn du her. 

Kontaktperson: Tormod Meisingset 

 

Kommunen kan vedta utvida bandtvang 

Den nye hundelova tredde i kraft 1. januar 2023. Hundelova stiller tydelege krav til forsvarleg hundehald og styrkar politiet sine moglegheiter til å gripe inn i problematisk hundehald på eit tidleg tidspunkt. Om nokon bryt lova, kan dei måtte betale eit gebyr. 

Den nasjonale bandtvangen gjeld i perioden 1. april - 20. august. Då skal hunden vere i band eller forsvarleg inngjerda eller innestengd. Dette for at hundar ikkje skal jage eller skade husdyr, tamrein eller viltlevande dyr og deira reir, bo eller hi. 

Kommunen kan vedta eiga forskrift om bandtvang. Les meir om dette her. 

Kontaktperson: Marianne Aas Halse 

 

Kurs i bruk av overskotsmassar til nydyrking 

NLR Vest arrangerer kurs i bruk av overskotsmassar til nydyrking. Kurset ser nærare på korleis bruke overskotsmassar til nydyrking eller forbetring av jordbruksareal, eigenskapar hos ulike typar jord, handtering av overskotsmassar til jordbruksføremål, miljøomsyn, regelverk og krav til søknad. Kurset vil også ha fokus på praktisk gjennomføring på “jordtippen”, og det vert tur i felt.  

Målgruppa er gardbrukarar, jordeigarar, entreprenørar og kommunale sakshandsamarar. 

Kursa vert arrangert i Brattvåg 20. april og i Ørsta 21. april.  

Meir informasjon og påmelding finn du her. 

Kontaktperson: Tormod Meisingset