Informasjonsbrev veke 16/2024
- Webinar om kommunale jordvernstrategiar og landbruksplan
- Auka fylkesramme til dreneringsordninga
Webinar om kommunale jordvernstrategiar og landbruksplan
Tysdag 23.april kl. 12.00 vert det heldt eit webinar om kommunale jordvernstrategiar og landbruksplan. Hovudtema vert at Mandy Häger, fagleiar jordbruk, vil presentere ny landbruksplan og jordvernstrategi frå Sykkylven kommune.
Kontaktperson: Tormod Meisingset
Klikk her for å bli med i møtet
Auka fylkesramme til dreneringsordninga
Møre og Romsdal har fått 2 millionar kroner ekstra til drenering av jordbruksjord. Desse midla er no fordelt på kommunane. Det er sendt ut brev til kommunane sine postmottak som inneheld meir informasjon og ei oversikt over fordelinga. I tillegg har vi publisert ein artikkel om dette på våre heimesider: Auka fylkesramme til dreneringsordninga | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (statsforvalteren.no)
Kontaktperson: Ragnhild N.Aas