Informasjonsbrev veke 17/2023
- Framleis for mykje hjort i Møre og Romsdal
- AR5 feltkurs – klassifisering av landbruksareal
- Utsett frist til 15.mai for å foreslå kandidatar til kulturlandskapsprisen 2023
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Framleis for mykje hjort i Møre og Romsdal
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har lagt ut ein kronikk om hjortebestanden i fylket, og
meiner at bestanden framleis er for høg trass ein nedgong i avskytinga i fjor. Hjorten gjer stor skade på innmark, skog og naturmangfald. Kronikken finn du her:
Framleis for mykje hjort i Møre og Romsdal
Kontaktperson: Odd Løset
AR5 feltkurs – klassifisering av landbruksareal
Statsforvaltaren vil saman med NIBIO arrangere AR5 feltkurs i Rauma kommune 15. juni. Heile denne kursdagen går føre seg ute. Gjennomgang av teori vil skje via webinar i forkant av feltkurset den 25. mai (kl. 9-11). Det ligg meir informasjon her: AR5 feltkurs
Påmelding til underteikna innan 16. mai.
Kontaktperson: Odd Løset
Utsett frist til 15.mai for å foreslå kandidatar til kulturlandskapsprisen 2023
Kulturlandskapsprisen blir gitt til den eller dei som gjer ein særskild innsats for å ta vare på verdiane og utvikle moglegheitene i kulturlandskapet. Les meir her.
Forslaget kan fremjast ved å fylle ut eit enkelt elektronisk skjema som de finn ved å følgje denne lenka.
Vi veit at det finst mange gode kandidatar i fylket. Hjelp oss å heidre nokon av desse!
Frist til å komme med forslag på kandidatar er utsett til 15.mai
Kontaktperson: Ragnhild N. Aas