Informasjonsbrev veke 19/2023
- Matgledekorps i Møre og Romsdal 2023
- Invitasjon til miniseminar om landbruksbasert biogass
- Kva er berekraftig matproduksjon?
- Påminning: AR5 feltkurs – klassifisering av landbruksareal
- Nytt system for melding om mogleg produksjonsvikt
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Matgledekorps i Møre og Romsdal 2023
No kan fleire kommunar i fylket få besøk av matgledekorpset – om dei melder interesse. Landbruks- og matdepartementet har gitt nye midlar til satsinga.
I år blir tre institusjonar valt ut til å få besøk av matgledekorpset. Institusjonane skal vere med å arrangere eit arbeidsseminar for sine eigne tilsette, både leiing, pleiepersonell og kjøkkenpersonell. Også tilsette ved institusjonar i nærområdet vert invitert til å delta. Vertskapsinstitusjonane må søke om å vere vertsskap. Søknadsfrist 30.mai.
For meir informasjon: Matgledekorpset på ny turne i Møre og Romsdal | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (statsforvalteren.no)
Kontaktperson: Marie Teigland
Invitasjon til miniseminar om landbruksbasert biogass
Statsforvaltaren ser behovet for å kommunisere betre med kommunane kring regelverk og kunnskap om kva eit landbruksbasert biogassanlegg er, og kva som bør inngå i svar til søknad om utsleppsløyve.
Vi inviterer difor til eit miniseminar fredag 2. juni kl 10 – 11.30 på Fylkeshuset i Molde.
Etter møtet og lunsj er vi invitert til Morten og Martin Toreli i Hustadvika for omvising på deira nye biogassanlegg, driven på husdyrgjødsel, meieri-, og fiskeslam, for straumproduksjon.
Agenda:
kl 10.00 Velkommen
Teknisk om Biogass, moglegheiter, krav og utvikling innan sektoren v/Ingvar Kvande - NORSØK
Forventningar til svar frå kommunane, omfang i M&R, v/Christian Dahl – SF Miljøvernavdelinga
kl 1130 Lunsj
kl 1215 Avreise til Hustadvika
kl 1400 Avslutning
Fagdelen før lunsj kan følgjast på Teams.
Oppmodar om at invitasjonen spreiast internt i kommunen. Landbruk og byggesak er viktige målgrupper.
Påmelding sendast på mail innan 25. mai til Åsmund Asper fmmrasas@statsforvalteren.no
Kontaktperson: Åsmund Asper
Kva er berekraftig matproduksjon?
Nettsida bærekraftigmatproduksjon.no syner på ein pedagogisk måte den kompliserte samanhengen mellom matproduksjon, klima og bruk av areal.
Vi følgjer familien Hansen som stiller nokre spørsmål før dei bestemmer seg for kva dei skal ha til middag. Mellom anna lurer dei på: "Skal vi velje vegetarburgar eller hamburgar?", "Har dyra hatt det bra?", "Er det så viktig at maten er produsert i Norge?" og "Kva kostar det eigentleg?".
Nettsida passar fint for å formidle korleis maten blir produsert. Bruk gjerne nettsida i skulen!
Sida er produsert i samarbeid mellom Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark og fleire miljø- og landbruksorganisasjonar.
Kontaktperson: Britt Kari Eidseflot Hauger
Påminning: AR5 feltkurs – klassifisering av landbruksareal
Statsforvaltaren vil saman med NIBIO arrangere AR5 feltkurs i Rauma kommune 15. juni. Heile denne kursdagen går føre seg ute.
Gjennomgang av teori vil skje via webinar i forkant av feltkurset den 25. mai (kl. 9-11). Det ligg meir informasjon her: AR5 feltkurs
Påmelding til underteikna innan 16. mai.
Kontaktperson: Odd Løset
Nytt system for melding om mogleg produksjonsvikt
Landbruksdirektoratet har no etablert ei digital løysing, der føretak melder om skade og mogeleg produksjonssvikt via Altinn.
Tidlegare har melding om produksjonssvik blitt gitt via e-post, telefon eller på anna måte. Meir informasjon her
Kontaktperson: Andreas Lilleheier Aarset / Per Eldar Nakken